Kartutsnitt Russland

Russland

Noreg har i lang tid hatt tette relasjonar til vår store nabo i aust, og det finst ei rekkje verkemiddel for utdanningssamarbeid med Russland. For å få til gode samarbeid, er det viktig å kjenne til dei store endringane som russisk høgare utdanning no går gjennom.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Målsetjingar og reformer

Sidan tusenårsskiftet har russisk utdanningspolitikk gått gjennom fleire reformer. Lovverket på utdanningsfeltet har blitt endra, og ei rekkje statlege program og prosjekt har starta opp for å nå dei politiske måla. Utover mål om at utdanninga skal vere danningsskapande og sørgje for utdanning til alle, er hovudmålet for den russiske utdanningspolitikken å bidra til at landet skal henge med i den økonomiske og sosiale utviklinga i verda.

Statsuniversitetet i Moskva eksteriør

Statsuniversitetet i Moskva (Kjelde: Wikipedia)

Utdanning - ei kjelde til samfunnsøkonomisk vekst
Utdanning vert sett som den viktigaste einskildfaktoren for samfunnsøkonomisk vekst. Frå midt på 2000-talet har russiske styresmakter lagt vekt på å skape eit utdanningssystem som skal vere i stand til å møte behova i ein «innovativ» og «kunnskapsbasert» økonomi, og som kan vere med på å styrke Russland på den internasjonale marknaden for innovasjon, arbeid og utdanning. Politikken er i større grad enn tidlegare orientert mot at utdanninga skulle ha relevans for samfunnet, og mottakarane av utdanningstenester er definerte som hovudmålgruppa, heller enn dei tilsette i utdanningssystemet.

Den russiske kunnskapspolitikken fram mot 2020 er i stor grad basert på prognosar for demografisk og økonomisk utvikling i perioden. Frå 2010 til 2016 forventar ein at aldersgruppa 17–25 år vil bli redusert med 12–15 prosent, som ei følgje av dei låge fødselstala på 1990‐talet. Russiske styresmakter reknar med at på lang sikt, fram mot 2025, kan dei små ungdomskulla saman med auka gjennomsnittsalder i befolkninga føre til lågare produktivitet og ein reduksjon av BNP på mellom 15 til 20 prosent samanlikna med 2010. Utsiktene til ei slik utvikling vil russiske styresmakter motverke mellom anna ved ei omfattande omlegging av utdanningspolitikken.

Omfattande reformer

Det russiske høgare utdanningssystemet er inne i ein omfattande reformperiode, med endringar i institusjonsstruktur, innhald i undervisninga og finansierings‐ og styringsmekanismar. Russland slutta seg til Bologna-prosessen i 2003, og dette vart ein katalysator for endring og reform av det høgare utdanningssystemet i Russland. Delar av prinsippa frå Bologna‐prosessen har blitt innført, som overgang til tosyklussystem og auka vekt på internasjonal mobilitet, men dei siste 3-4 åra har interessa for å integrere russisk høgare utdanning i det europeiske utdanningsområdet vore noko mindre. I staden har det blitt lagt sterk vekt på å fremje tiltak for å gjere russiske universitet meir konkurransedyktige på verdsbasis.

Styresmaktene ønskjer ei kvalitetsheving i russisk høgare utdanning, og satsar spesielt på ei gruppe utvalde universitet som skal innta ei leiande rolle blant dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet. Elitesatsinga omfattar institusjonar som har nådd fram i statlege konkurransar om støtte til institusjonsutvikling, dei føderale universiteta, nasjonale forskingsuniversitet og dei to nasjonale universiteta, Moskva Lomonosov Statsuniversitet og St. Petersburg Statsuniversitet. Alle høgare utdanningsinstitusjonar i Russland har nyleg blitt evaluerte, og nokre "mindre effektive" institusjonar vert truleg avvikla.

Kvaliteten på undervisninga skal aukast ved å gjere ho meir relevant og praksisnær, slik at uteksaminerte kandidatar møter behovet for arbeidskraft i samfunnet. Ein ønskjer også betre integrasjon mellom forsking og utdanning, og at forskinga i større grad skal foregå ved dei høgare utdanningsinstitusjonane. Internasjonalt samarbeid er sett på som eit viktig middel for å oppnå høgare kvalitet og målet om å klatre på internasjonale rankinglister.

Reformene i russisk høgare utdanningssektor gir institusjonane større autonomi og ansvar for å utforme eigne planar for verksemda, inkludert internasjonaliseringsstrategiar og -tiltak.

Kontakt

Herdis Kolle

Bård Hekland

Sjå også under kvart enkelt program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Moskva
 Innbyggjarar: 143 mill.
 BNP pr. innbyggjar: $14 200

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Russland

SIU-rapport 04/2014: Samarbeid med Russland i høgare utdanning

Last ned PDF:
Samarbeid med Russland i høgare utdanning – Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (2014)

.......................................................
   

Prosjekt med Russland

Prosjekt ikon

Her finn du alle SIU sine prosjekt som involverer norske og russiske deltakarar.

.......................................................

Norsk spydspiss i Russland

Les om Sverre Rustad, spesialutsen-ding for utdanning, forsking og teknologi ved Noregs ambassade i Moskva.

  

Korleis bli betre på samarbeid med Russland?

Omtale av Russlandsseminar i Tromsø.

   


Share |