Kartutsnitt Russland

Russland

Noreg har i lang tid hatt tette relasjonar til vår store nabo i aust, og det finst ei rekkje verkemiddel for utdanningssamarbeid med Russland. For å få til gode samarbeid, er det viktig å kjenne til dei store endringane som russisk høgare utdanning no går gjennom.

Nå kan flere søke midler til internasjonale partnerskap

INTPART (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning) utvider målgruppen i årets utlysning. De...

Publisert: 09.03.2016

Mobilitet til og frå Russland

Dei siste ti åra har talet på studentar med russisk statsborgarskap i norsk høgare utdanning auka, men frå 2013 til 2014 var det ein markant nedgang. Russarane utgjer i 2014 likevel den tredje største gruppa utlendingar (etter svenskar og tyskarar), med nestan 1500 registrerte studentar.

Figuren nedanfor viser kor mange studentar frå Russland som var registrerte ved norske lærestader frå 2004 til 2014 (høstsemesteret). Som vi ser, var det sterk vekst i perioden 2008-2013, men ein nedgang siste året. Omtrent hundre av dei russiske statsborgarane er på utveksling. Nokre hundre av dei russiske studentane oppheld seg ikkje i Noreg, men er fjernstudentar registrerte ved Universitetet i Nordland og UiT Noregs Arktiske Universitet. I alt utgjer fjernstudentane om lag ein tredjedel av alle russiske studentar registrert i Noreg.

 

Russiske statsborgarar registrert som studentar i Noreg

Haustsemester. Kjelde: DBH, datauttak 22. april 2015.

  

Ifølge tal frå Lånekassa var det berre seks norske gradsstudentar i Russland i studieåret 2013/14. Når det gjeld delgradsstudentar, låg talet i studieåret 2013/14 på 62 personar. Som vi ser av figuren nedanfor, var dette talet meir enn dobbelt så høgt for nokre år sidan. Talet for russiske utvekslingsstudentar i Noreg i 2014 var ifølge DBH 197. Det er altså ein klar ubalanse i studentflyten mellom Noreg og Russland, særleg for gradsstudentar.

 

Norske delgradsstudentar i Russland

Kjelde: Lånekassa.

 

Oppdatert april 2015.

Kontakt

Herdis Kolle

Bård Hekland

Sjå også under kvart enkelt program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Moskva
 Innbyggjarar: 143 mill.
 BNP pr. innbyggjar: $14 200

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Russland

SIU-rapport 04/2014: Samarbeid med Russland i høgare utdanning

Last ned PDF:
Samarbeid med Russland i høgare utdanning – Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (2014)

.......................................................
   

Prosjekt med Russland

Prosjekt ikon

Her finn du alle SIU sine prosjekt som involverer norske og russiske deltakarar.

.......................................................

Norsk spydspiss i Russland

Les om Sverre Rustad, spesialutsen-ding for utdanning, forsking og teknologi ved Noregs ambassade i Moskva.

  

Korleis bli betre på samarbeid med Russland?

Omtale av Russlandsseminar i Tromsø.

   


Share |