Kartutsnitt Russland

Russland

Noreg har i lang tid hatt tette relasjonar til vår store nabo i aust, og det finst ei rekkje verkemiddel for utdanningssamarbeid med Russland. For å få til gode samarbeid, er det viktig å kjenne til dei store endringane som russisk høgare utdanning no går gjennom.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Fakta om russisk utdanning

Russisk høgare utdanning er prega av den sterke satsinga på utdanning i sovjetperioden, men også av dei økonomiske vanskane på 1990-talet. Landet har høge utdanningspolitiske ambisjonar og er ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. I dag går russisk høgare utdanning gjennom store endringar som det er viktig å ha kjennskap til for å få til eit best mogleg samarbeid.

St Petersburg state-university eksteriør

Statsuniversitetet i Sankt Petersburg

Russisk høgare utdanning har ein lang historie. Dei eldste universiteta vart oppretta allereie på 1700-talet, etter mønster frå tysk akademisk tradisjon. Sovjetunionen hadde eit statleg styrt og sentralisert høgare utdannings‐ og forskingssystem, der marxist‐leninistisk ideologi i stor grad styrte innhaldet, og behovet for arbeidskraft i ulike sektorar styrte utbodet av institusjonar og studieplassar. Naturvitskaplege og tekniske fag var prioriterte. Sektoren var godt finansiert, og høgare utdanning var gratis for alle som var kvalifiserte.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen skjedde det store endringar i forsking og høgare utdanning i Russland. Det vart opna for større differensiering av innhaldet i undervisninga, det vart høve til å etablere private høgare utdanningsinstitusjonar, og statlege institusjonar fekk løyve til å ta inn betalande studentar i tillegg til dei statsfinansierte studieplassane. Den statlege finansieringa av utdannings‐ og forskingssektoren vart drastisk redusert i 1990‐åra, for så å ta seg noko opp att på 2000‐talet. Samfunnsvitskaplege, økonomiske og juridiske fag har blitt meir populære i åra etter oppløysinga av Sovjetunionen.

God tilgang på høgare utdanning

Sovjetunionen klarte i stor grad å auke utdanningsnivået hos befolkninga, og i åra etter 1991 har denne tendensen blitt forsterka. Sidan byrjinga av 1990-talet er talet på høgare utdanningsinstitusjonar meir enn dobla frå 514 institusjonar i studieåret 1990/91 til 1046 institusjonar i studieåret 2012/13. Hovudårsaka er at det har blitt etablert ei rekkje private institusjonar som eit supplement til dei statlege institusjonane. Talet på studentar i høgare utdanning har auka tilsvarande, frå 2,8 millionar i 1990/91 via heile 7,5 millionar i toppåret 2008/09 til 6,1 millionar studentar i studieåret 2012/13.

Tilgangen på høgare utdanning i Russland må reknast som god. I 2011 hadde 53 prosent av den russiske befolkninga i aldersgruppa 25 til 64 år utdanning utover vidaregåande skole, medan gjennomsnittet for OECD‐landa var 32 prosent. Russland har særleg mange studentar i kortare profesjonsutdanningar, medan talet på studentar som tar lengre høgskole‐ og universitetsutdanningar ligg på gjennomsnittet av OECD‐landa.

Utdanningsløpet

Den russiske obligatoriske utdanninga er elleveårig og går fram til fullført vidaregåande skole. Russiske born byrjar på skolen når dei er seks år gamle og har dermed fullført obligatorisk utdanning når dei er 17 år. Eksamen frå vidaregåande skole gir grunnlag for å søkje høgare utdanning. Tidlegare var opptak til høgare utdanningsinstitusjonar basert på opptakseksamenar organisert ved dei einskilde institusjonane, men sidan 2001 har ein gradvis innført opptak basert på eksamensresultat frå vidaregåande skole.

Høgare utdanning går føre seg ved fleire typar institusjonar, som universitet, akademi, institutt og konservatorium. Ved desse institusjonane går studentane etter dagens system gjennom eit utdanningsløp på to til seks år.

Det er mogeleg å avslutte eit studium etter to år. I så fall får ein tildelt «Vitnemål om ufullstendig høgare utdanning» (Diplom o nepolnom vyssjem obrazovanii), som ikkje er ein grad, men prov på at ein har gjennomført to års utdanning. Den russiske bachelorgraden er fireårig, medan mastergraden er toårig. I tillegg har ein bevart den tradisjonelle fem‐ eller seksårige spesialistgraden for spesifikke studieretningar. Fullført mastergrad eller spesialistgrad dannar grunnlag for opptak til forskarutdanning på ph.d.‐nivå, som i det russiske systemet vert kalla aspirantura. Forskarutdanninga er treårig og fører til graden kandidat nauk, medan graden doktor nauk gir professorkompetanse.

Kontakt

Herdis Kolle

Bård Hekland

Sjå også under kvart enkelt program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Moskva
 Innbyggjarar: 143 mill.
 BNP pr. innbyggjar: $14 200

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Russland

SIU-rapport 04/2014: Samarbeid med Russland i høgare utdanning

Last ned PDF:
Samarbeid med Russland i høgare utdanning – Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (2014)

.......................................................
   

Prosjekt med Russland

Prosjekt ikon

Her finn du alle SIU sine prosjekt som involverer norske og russiske deltakarar.

.......................................................

Norsk spydspiss i Russland

Les om Sverre Rustad, spesialutsen-ding for utdanning, forsking og teknologi ved Noregs ambassade i Moskva.

  

Korleis bli betre på samarbeid med Russland?

Omtale av Russlandsseminar i Tromsø.

   


Share |