Kartutsnitt Russland

Russland

Noreg har i lang tid hatt tette relasjonar til vår store nabo i aust, og det finst ei rekkje verkemiddel for utdanningssamarbeid med Russland. For å få til gode samarbeid, er det viktig å kjenne til dei store endringane som russisk høgare utdanning no går gjennom.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Råd til norske institusjonar som vil samarbeide med Russland

Russisk høgare utdanning er i endring, både når det gjeld institusjonsstruktur og finansieringsformer. Russiske utdanningsstyresmakter satsar på å få fram institusjonar som mellom anna kan hevde seg internasjonalt.

1. Relasjonsbygging og personlege møte er viktig i alt samarbeid med Russland.

2. Som eit resultat av den russiske reformpolitikken finst det i dag eit knippe russiske institusjonar som har ekstra gode vilkår.  Desse institusjonane har jamt over gode fagmiljø, ressursar og ofte ein sterk motivasjon for å samarbeide internasjonalt om utdanning og forsking.

  • Moskva statsuniversitet
  • St. Petersburg statsuniversitet
  • Dei føderale universiteta (totalt 9 institusjonar)
  • Dei nasjonale forskingsuniversiteta (totalt 29 institusjonar)
  • Institusjonar tilført ekstra midlar for å kunne hevde seg på internasjonale rankinglister (totalt 15 institusjonar)
  • Høgare utdanningsinstitusjonar som har fått tildelt såkalla «mega grants» for å tiltrekkje seg toppforskarar frå utlandet (totalt 163 prosjekt tildelt i perioden 2010-2013. Dette er (i hovudsak) naturvitskaplege og teknologiske prosjekt.

Kategoriane av institusjonar er til dels overlappande.

3. På overordna nivå er det ei sterk elitetenking, som går ut på at russiske institusjonar bør samarbeide med og lære av dei beste utanlandske institusjonane. I praksis er felles faglege interesser likevel det viktigaste utgangspunktet for å etablere eit godt samarbeid med russiske institusjonar.

4. Det er viktig å involvere både fagleg og administrativt tilsette ved norsk og russisk institusjon på eit tidleg tidspunkt. Leiinga bør også vere involvert i den grad det er nødvendig for å få til eit godt og varig samarbeid.

5. Språkbarrierar og utfordringar med godkjenning av vitnemål og grader kan vere risikofaktorar som ein bør vere spesielt merksame på. Det finst foreløpig få studietilbod på engelsk ved russiske universitet, og engelskkunnskapane til russiske universitetstilsette og studentar varierer sterkt. Russland tilpassar seg gradvis Bologna-samarbeidet, men det er framleis eit stykke igjen før det russiske utdanningssystemet er fullt integrert i det europeiske utdanningsområdet.

Kontakt

Herdis Kolle

Bård Hekland

Sjå også under kvart enkelt program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Moskva
 Innbyggjarar: 143 mill.
 BNP pr. innbyggjar: $14 200

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Russland

SIU-rapport 04/2014: Samarbeid med Russland i høgare utdanning

Last ned PDF:
Samarbeid med Russland i høgare utdanning – Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (2014)

.......................................................
   

Prosjekt med Russland

Prosjekt ikon

Her finn du alle SIU sine prosjekt som involverer norske og russiske deltakarar.

.......................................................

Norsk spydspiss i Russland

Les om Sverre Rustad, spesialutsen-ding for utdanning, forsking og teknologi ved Noregs ambassade i Moskva.

  

Korleis bli betre på samarbeid med Russland?

Omtale av Russlandsseminar i Tromsø.

   


Share |