Kartutsnitt Russland

Russland

Noreg har i lang tid hatt tette relasjonar til vår store nabo i aust, og det finst ei rekkje verkemiddel for utdanningssamarbeid med Russland. For å få til gode samarbeid, er det viktig å kjenne til dei store endringane som russisk høgare utdanning no går gjennom.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Norske lærestader og Russland

Norske universitet og høgskolar er i varierande grad involvert i samarbeid med Russland. Her finn du informasjon om deltakinga i program som SIU forvaltar.

I ein analyse av strategiar for internasjonalisering ved norske universitet og høgskolar framstår Russland/nordområda som den klaraste geografiske prioriteringa for internasjonalt samarbeid (sjå SIU-rapport 03/2013). Alle dei nordnorske lærestadene, i tillegg til fire i Sør-Noreg, hadde pr. 2013 Russland/nordområda som geografisk prioritering i dei sentrale strategidokumenta sine.

Tabellen under viser dei 14 som har fått tilslag på sine søknader til Samarbeidsprogrammet med Russland om langsiktige prosjekt. Her vart det tildelt midlar både i 2012 og i 2013.

Samarbeidsprogrammet med Russland 2011-2016, langsiktige prosjekt

Lærestad Kroner (Mill.) Russisk samarbeidsinstitusjon i Fagfelt
Høgskolen i Harstad 2,8 Murmansk, m. fl. Økonomistudier
Høgskolen i Molde 2,7 Moskva m.fl. Petroleumslogist.
Høgskolen i Oslo og Akershus 2,6 St. Petersburg Pedagogikk m.fl.
Høgskolen i Telemark 3,0 Moskva Reiseliv
NMBU 3,2 Moskva Radioøkologi
Universitetet i Bergen 3,5 St. Petersburg Kunsthistorie
Universitetet i Oslo 3,5 St. Petersburg Medisin
Universitetet i Nordland 4,0 St. Petersburg m.fl. Økonomistudier
Universitetet i Stavanger 3,3 St. Petersburg Miljøteknologi
Universitetet i Tromsø 3,5 St. Petersburg Geologi
Universitetet i Tromsø 3,4 Murmansk Fiskerifag
Universitetet i Tromsø 2,9 St. Petersburg m.fl. Marinbiologi
Universitetet i Tromsø 2,0 St. Petersburg Teater
Universitetssenteret på Svalbard 4,0 Moskva, St. Petersburg Arktisk teknologi
Totalt 44,4    

Kontakt

Herdis Kolle

Bård Hekland

Sjå også under kvart enkelt program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Moskva
 Innbyggjarar: 143 mill.
 BNP pr. innbyggjar: $14 200

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Russland

SIU-rapport 04/2014: Samarbeid med Russland i høgare utdanning

Last ned PDF:
Samarbeid med Russland i høgare utdanning – Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (2014)

.......................................................
   

Prosjekt med Russland

Prosjekt ikon

Her finn du alle SIU sine prosjekt som involverer norske og russiske deltakarar.

.......................................................

Norsk spydspiss i Russland

Les om Sverre Rustad, spesialutsen-ding for utdanning, forsking og teknologi ved Noregs ambassade i Moskva.

  

Korleis bli betre på samarbeid med Russland?

Omtale av Russlandsseminar i Tromsø.

   


Share |