Kartutsnitt Sør Afrika

Sør-Afrika

Nordmenn har vore engasjert i Sør-Afrika i fleire hundre år gjennom misjonsverksemd, kvalfangst og handel. Under apartheid støtta Noreg opposisjonelle med mellom anna utdanning. Etter apartheids fall har samarbeidet utvikla seg vidare, ikkje minst innan utdanning og forsking.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Internasjonalisering av høgare utdanning og forsking

Når storleiken på landa blir tatt omsyn til, er Sør-Afrika det landet Noreg samarbeider mest med etter Sverige, Danmark og Finland, i følgje Forskingsbarometeret frå 2013.

 

Internasjonale studenter

t.v: Sørafrikansk student og amerikansk utvekslingsstudent på University of KwaZulu Natal (foto: Teresa Grøtan)

Alle sørafrikanske universitet har eit internasjonalt kontor, og alle er medlem i International Education Association South Africa (IEASA). IEASA har som formål å promotere sørafrikansk høgare utdanning i utlandet, samt å auke den internasjonale dimensjonen i pensum og i institusjonanes aktiviteter. Likevel har ikkje Sør-Afrika nokon omfattande nasjonal politikk når det gjeld internasjonalisering av høgare utdanning. Mens internasjonalisering er ein realitet på institusjonsnivå, er det ukoordinert og ad hoc-prega på nasjonalt nivå.

Dei sørafrikanske institusjonane har full autonomi. I dei fleste tilfelle opprettar institusjonane sjølve avtalar og samarbeidsaktivitetar med partnarinstitusjonar i andre land utan at departementet er involvert i dette.

Internasjonalisering og afrikanisering

UWC

t.v: University of Western Cape, eit tidlegara såkalla "farga universitet" har lenge vore engasjert i samarbeid med norske institusjonar. (Foto: Ragnhild Tungesvik)

Det er i stor grad dei fem største universiteta som har mest internasjonalt samarbeid, det er òg desse institusjonane som ikkje har blitt slått saman med tidlegare underprivilegerte institusjonar (med unnatak av University of KwaZulu Natal), og som dermed har den lengste historia med godt tilfang av ressursar, både menneskelege og økonomiske.

Dei sørafrikanske institusjonane lever i ei spenning mellom internasjonalisering og afrikanisering. I tillegg er BRIKS-samarbeidet ein ny prioritet. Sør-Afrika er mest interessert i å samarbeide med det globale nord om det òg kan føre med seg auka sør-sør-samarbeid.

EU og Sør-Afrika

I EUs 7. rammeprogram er Sør-Afrika det femte mest aktive tredjelandet (land utanfor Europa) etter Russland, USA, Kina og India. Det er oppretta eit eige program, European-South African Science and Technology Advancement Programme (ESASTASP) som har som oppgåve å bidra til auka samarbeid mellom Sør-Afrika og EU-land, og til auka sørafrikansk deltaking i EUs forskingsprogram.

Kontakt

Ragnhild Tungesvik

Trude Holme

Laila Linde Lossius

Se også under det einskilde program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Pretoria (regjering), Cape Town (parlament), Bloemfontein (høgsterett)

Innbyggjarar: 52 mill.

BNP pr. innbyggjar: $11 300

.......................................................

Conference paper IEASA 2015

Higher Education and Research Cooperation between South Africa and Norway – Status and Future Prospects (PDF)

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Sør-Afrika

Forside Brasilrapport

Samarbeid med Sør-Afrika: Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (PDF)

.......................................................

Prosjekt med Sør-Afrika

Prosjekt ikon


Her finn du alle SIU sine prosjekt med norske og sørafrikanske deltakarar.

.......................................................

- Sør-Afrika vil ha meir likskap i utdanninga

Intervju med Ragnhild Tungesvik om ulikskap i det sørafrikanske utdanningssystemet.


Share |