Kartutsnitt Sør Afrika

Sør-Afrika

Nordmenn har vore engasjert i Sør-Afrika i fleire hundre år gjennom misjonsverksemd, kvalfangst og handel. Under apartheid støtta Noreg opposisjonelle med mellom anna utdanning. Etter apartheids fall har samarbeidet utvikla seg vidare, ikkje minst innan utdanning og forsking.

Nå kan flere søke midler til internasjonale partnerskap

INTPART (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning) utvider målgruppen i årets utlysning. De...

Publisert: 09.03.2016

Oppbygging og regulering

Oppbygginga av utdanningssystemet i Sør-Afrika er i hovudsak lik den norske.

Grunnutdanning

Department of Basic Education (DBE) har ansvaret for skulesystemet for førskule (Grade R), 1-7. klasse (primary school) og 8-12. klasse (high school). Fullført grunnopplæring fører til eit National School Certificate, som er grunnlag for opptak til høgare utdanning. DBE har også ansvar for vaksenopplæring.

Høgare utdanning

Higher education refererer normalt til universitetsstudiar som fører til  gradane Bachelor (3-årig), Honours (1-årig), Master’s (1- og 2-årig) og Ph.D. (2- og 3-årig).

Høgskulane (Further Education and Training Colleges, FET) tilbyr yrkes- og profesjonsutdanning, hovudsakleg til unge mellom 16-24 år. Nivået på desse utdanningane kan samanliknast delvis med norsk vidaregåande skule og delvis med norsk høgskule. 

Department of Higher Education and Training (DHET) eig alle dei 23 offentlege universiteta og dei 50 offentlege høgskulane (FET). DHET har som hovudoppgåve å sjå til at Sør-Afrika har eit differensiert og inkluderande høgare utdanningssystem som gir alle sørafrikanarar høve til å komme inn på og fullføre relevant utdanning og opplæring. DHET har óg ei internasjonal avdeling som har ansvar for å oppfylle måla departementet har knytt til internasjonalisering.

Klikk her for ein oversikt over dei 23 offentlege universiteta og dei 50 offentlege høgskulane.

Uni Joburg
Bilde t.v: University of Johannesburg er bygd opp gjennom samanslåing av fleire ulike insitusjonar. (Foto: Ragnhild Tungesvik)

Det finst òg ei rekkje private utdanningsalternativ. Desse har ikkje lov til å tene pengar på verksemda.

Council for Higher Education (CHE) er eit uavhengig organ som gir råd til departementet i alle spørsmål knytt til høgare utdanning. I tillegg har CHE ansvar for å kvalitetssikre høgare utdanning og akkreditering av HE-institusjonar.

Forsking

National Research Foundation (NFR) er den viktigaste forskingsorganisasjonen i landet og det norske Forskingsrådet si søsterorganisasjon. NFR skal fremje og støtte forsking og innovasjon.

Department for Science and Technology (DST) har ansvar for å utvikle, koordinere og styre forsking i Sør-Afrika. I den aktuelle 10-årsplanen (2008-2018) blir fem område særskilt satsa på: bioteknologi, romteknologi, energitryggleik, klimaendringar, og menneskeleg og sosial dynamikk.

Sidan 2004 har DST og NRF drive eit program for å etablere fysiske og virtuelle Centres of Excellence ved sørafrikanske universitet og forskingsinstitusjonar. Felles mål er mellom anna å fremje kunnskap og menneskeleg kapital på område som er strategisk viktige for Sør-Afrika, samt å fremje forskingssamarbeid og tverrfagleg forsking.

Kontakt

Ragnhild Tungesvik

Trude Holme

Laila Linde Lossius

Se også under det einskilde program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Pretoria (regjering), Cape Town (parlament), Bloemfontein (høgsterett)

Innbyggjarar: 52 mill.

BNP pr. innbyggjar: $11 300

.......................................................

Conference paper IEASA 2015

Higher Education and Research Cooperation between South Africa and Norway – Status and Future Prospects (PDF)

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Sør-Afrika

Forside Brasilrapport

Samarbeid med Sør-Afrika: Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (PDF)

.......................................................

Prosjekt med Sør-Afrika

Prosjekt ikon


Her finn du alle SIU sine prosjekt med norske og sørafrikanske deltakarar.

.......................................................

- Sør-Afrika vil ha meir likskap i utdanninga

Intervju med Ragnhild Tungesvik om ulikskap i det sørafrikanske utdanningssystemet.


Share |