Kartutsnitt Sør Afrika

Sør-Afrika

Nordmenn har vore engasjert i Sør-Afrika i fleire hundre år gjennom misjonsverksemd, kvalfangst og handel. Under apartheid støtta Noreg opposisjonelle med mellom anna utdanning. Etter apartheids fall har samarbeidet utvikla seg vidare, ikkje minst innan utdanning og forsking.

Nå kan flere søke midler til internasjonale partnerskap

INTPART (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning) utvider målgruppen i årets utlysning. De...

Publisert: 09.03.2016

Høgare utdanning

Sør-Afrika har nokre svært gode universitet på nivå med dei beste europeiske institusjonane, men òg fleire som held eit relativt lågt nivå. Mykje er gjort for å rette på dei enorme ulikskapane landets første demokratiske regjering arva i 1994, men mykje står òg att.

Utdanning har hatt ei sentral rolle i utviklinga av den sørafrikanske republikken etter apartheids fall i 1994. Etter 50 år med apartheid og 300 år med kolonistyre der alle som ikkje var kvite blei nekta utdanning eller fekk eit svært mangelfullt tilbod, har målet vore å rette opp ubalansen gjennom mellom anna å slå saman tidlegare privilegerte og underprivilegerte  institusjonar, og tilby stipend og lån til tidlegare underprivilegerte studentar.

Dobla tal på studentar

Talet på studentar i høgare utdanning har blitt nesten dobla sidan apartheids fall, frå ca. 470 000 i 1993 til om lag 940 000 i 2011. I løpet av same periode har talet på svarte studentar blitt tredobla, og studentsamansetningen ligg i dag nær den generelle demografien i landet.

Studenter på University of KwaZulu Natal (Foto: Teresa Grøtan)

Bilete t.h: Sørafrikanske studentar på University of KwaZulu Natal i Durban (foto: Teresa Grøtan)

Sør-Afrikas kanskje største problem innan utdanningssektoren  er den enorme variasjonen i kvaliteten i grunnopplæringa, der ein liten del av barn (av alle hudfargar) får svært god opplæring, mens den store majoriteten (nesten berre svarte) får dårleg og mangelfull opplæring.

Mange av studentane er derfor dårleg førebudde fagleg, og mange fullfører aldri utdanninga dei startar på. Den låge kvaliteten på grunnopplæringa blir sett på som den største utfordringa for høgare utdanning og for den generelle utviklinga i landet.

Historie

Høgare utdanning før 1994 skulle tene apartheidpolitikkens formål. Store, gode institusjonar tente det kvite mindretalet, og  nokre få institusjonar blei oppretta for hhv. svarte, farga og indarar (dei tre «ikkje-kvite» gruppene i Sør-Afrika definert av apartheidregimet)

Skilt fra apartheidtiden (Foto: Teresa grøtan)

t.v: Skilt frå apartheidtida (Foto: Teresa Grøtan)

Institusjonane for indarar, farga og svarte var tredjerangs institusjonar, og dei skulle vere det: Dei var meint for tredjerangs borgarar. Institusjonane hadde liten grad av intellektuell fridom, institusjonell autonomi og var sterkt underfinansiert. Det føregjekk liten eller ingen forsking, og utdanningsprogramma hadde som einaste formål at dei høgast utdanna sjikta av den svarte befolkninga kunne yte høgst nødvendige tenester til den svarte befolkninga, til dømes innan helse og grunnopplæring. 

Kontakt

Ragnhild Tungesvik

Trude Holme

Laila Linde Lossius

Se også under det einskilde program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Pretoria (regjering), Cape Town (parlament), Bloemfontein (høgsterett)

Innbyggjarar: 52 mill.

BNP pr. innbyggjar: $11 300

.......................................................

Conference paper IEASA 2015

Higher Education and Research Cooperation between South Africa and Norway – Status and Future Prospects (PDF)

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Sør-Afrika

Forside Brasilrapport

Samarbeid med Sør-Afrika: Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (PDF)

.......................................................

Prosjekt med Sør-Afrika

Prosjekt ikon


Her finn du alle SIU sine prosjekt med norske og sørafrikanske deltakarar.

.......................................................

- Sør-Afrika vil ha meir likskap i utdanninga

Intervju med Ragnhild Tungesvik om ulikskap i det sørafrikanske utdanningssystemet.


Share |