Kartutsnitt Sør Afrika

Sør-Afrika

Nordmenn har vore engasjert i Sør-Afrika i fleire hundre år gjennom misjonsverksemd, kvalfangst og handel. Under apartheid støtta Noreg opposisjonelle med mellom anna utdanning. Etter apartheids fall har samarbeidet utvikla seg vidare, ikkje minst innan utdanning og forsking.

NOMA ga kapasitetsbygging i utviklingsland

Over 40 mastergrader ble opprettet i utviklingsland i løpet av de åtte årene NOMA-programmet eksisterte. Over 40 pro...

Publisert: 26.11.2015

Mobilitet til og frå Sør-Afrika

Få sørafrikanske studentar reiser til Noreg, mens Sør-Afrika er eit populært land for norske delstudentar.

Sør-Afrika er det klart mest populære blant BRIKS-landa for norske studentar. I 2015/16 var det totalt 328 norske studentar med Lånekassestøtte (>1 mnd.) registrerte ved sørafrikanske universitet. Av desse var 271 delgradsstudentar, mens resten fekk støtte til eit gradsstudium. Dei mest populære studiene for gradsstudentar var film og samfunnsfag. For utvekslingsstudentar var emne innanfor helse (psykologi, sjukepleie, idrett m.fl.) samt teknologi/naturvitskap og samfunnsfag mest populært.

Grafa nedanfor visar norske studentar til Sør-Afrika i meir enn 1 månad (kjelde: Lånekassa) og  antall sørafrikanske statsborgarar ved norske utdanningsinstitusjonar (kjelde: DBH).

Sør Afrika

Som grafen visar, er det langt færre sørafrikanske studentar i Norge enn motsett.  Noko av årsaka er at sørafrikanske institusjonar er opptekne av å ta vare på dei gode studentane dei har i landet, og satsar meir på internasjonalisering heime enn på å sende ut studentar som kanskje ikkje kjem heim igjen etter end utdanning. Sør-Afrika er dessutan i liten grad interessert i å finansiere utdanning i utlandet for studentane sine, slik til dømes Brasil gjer med stipendprogrammet Science without Borders.

Oppdatert Des. 2016.

Kontakt

Ragnhild Tungesvik

Trude Holme

Laila Linde Lossius

Se også under det einskilde program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Pretoria (regjering), Cape Town (parlament), Bloemfontein (høgsterett)

Innbyggjarar: 52 mill.

BNP pr. innbyggjar: $11 300

.......................................................

Conference paper IEASA 2015

Higher Education and Research Cooperation between South Africa and Norway – Status and Future Prospects (PDF)

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Sør-Afrika

Forside Brasilrapport

Samarbeid med Sør-Afrika: Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (PDF)

.......................................................

Prosjekt med Sør-Afrika

Prosjekt ikon


Her finn du alle SIU sine prosjekt med norske og sørafrikanske deltakarar.

.......................................................

- Sør-Afrika vil ha meir likskap i utdanninga

Intervju med Ragnhild Tungesvik om ulikskap i det sørafrikanske utdanningssystemet.


Share |