Kartutsnitt Sør Afrika

Sør-Afrika

Nordmenn har vore engasjert i Sør-Afrika i fleire hundre år gjennom misjonsverksemd, kvalfangst og handel. Under apartheid støtta Noreg opposisjonelle med mellom anna utdanning. Etter apartheids fall har samarbeidet utvikla seg vidare, ikkje minst innan utdanning og forsking.

Ny strategi: Samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan er ikke land Norge tradisjonelt sett har samarbeidet mye med inne...

Publisert: 07.10.2015

Råd til norske institusjonar som vil samarbeide med Sør-Afrika

Kvifor ønskjer du å etablere eit samarbeid; er det for å få tilgang på dei beste fagmiljøa, for å knytte nærare kontakt mot det afrikanske kontinentet, for å søke samarbeid med internasjonale forskings- og innovasjonsmiljø eller for å utøve globalt samfunnsansvar? Alle desse dimensjonane er relevante, men svaret på spørsmålet kan avgjere kva for institusjonar det er naturleg å ta kontakt med.

The view of Cape Town

Utsikt over Cape Town. Foto: Flickr/daniel.berlin

  1. Sett deg inn i det sørafrikanske institusjonslandskapet. Strukturen i høgare utdanning har endra seg mykje dei siste 10 åra, særleg ved at institusjonar har fusjonert.
  2. Følg ikkje automatisk straumen av norske studentar og forskarar. Det finst mange universitet som er inne i ei spanande utvikling, men som så langt har svært lite samarbeid med Noreg.
  3. Dei fleste sørafrikanske universitet har begrensa ressursar, ver klar over at «gjensidigheit» i økonomisk forstand er vanskeleg å oppnå.
  4. Sørafrikanske universitet er autonome institusjonar, og kan kontaktast direkte dersom ein ønskjer å utforske moglegheiter for samarbeid. Alle universitet har eit internasjonalt kontor, som kan vere eit naturleg kontaktpunkt, dersom ein ikkje i utgangspunktet har andre personlege kontaktar. 
  5. Studentutveksling med Sør-Afrika er mogleg, men dersom mobiliteten skal vere tovegs må det i dei aller fleste tilfelle  finnast finansiering frå dette på norsk side. Sør-Afrika har ikkje ei studiefinansieringsordning som gir støtte til studiar i utlandet.
  6. Delta på konferansar i Afrika, eller få tak i «proceedings» frå desse for å sjå kven som forskar på det ein er interessert i. Det kan vere lurt å knytte kontakt med yngre forskarar, men forskarar som har støtte oppover i systemet. Det er òg  lurt å finne prosjekt som er i tråd med universitetets strategi og planar.

Kontakt

Ragnhild Tungesvik

Trude Holme

Laila Linde Lossius

Se også under det einskilde program for kontaktinformasjon.

.......................................................

Hovudstad: Pretoria (regjering), Cape Town (parlament), Bloemfontein (høgsterett)

Innbyggjarar: 52 mill.

BNP pr. innbyggjar: $11 300

.......................................................

Conference paper IEASA 2015

Higher Education and Research Cooperation between South Africa and Norway – Status and Future Prospects (PDF)

.......................................................

Rapport om høgare utdanning i Sør-Afrika

Forside Brasilrapport

Samarbeid med Sør-Afrika: Føresetnader, utfordringar og mogelegheiter (PDF)

.......................................................

Prosjekt med Sør-Afrika

Prosjekt ikon


Her finn du alle SIU sine prosjekt med norske og sørafrikanske deltakarar.

.......................................................

- Sør-Afrika vil ha meir likskap i utdanninga

Intervju med Ragnhild Tungesvik om ulikskap i det sørafrikanske utdanningssystemet.


Share |