Amerikanske universitet på Norgesturné

– Målet vårt er å dobla talet på amerikanarar som studerer i utlandet, seier Allan Goodman, styreleiar og direktør i det amerikanske Institute of International Education (IIE). Seint i april var tolv amerikanske universitet på studietur til Noreg for å finna framtidige samarbeidspartnarar.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 30.04.2015

– I dag studerer under ti prosent av amerikanske studentar ute. Me ønskjer å dobla dette nummeret innan slutten av tiåret, seier Goodman.

I 2014 lanserte IIE Generation Study Abroad. Dei komande åra skal dei samarbeida med utdanning på alle nivå, både i privat og offentleg sektor, for å skapa initiativ som kan få fleire amerikanarar til å få ein utanlandsk erfaring.

 

Direktør IIE Allan Goodman

Direktør ved IIE, Allan Goodman, vil dobla talet på amerikanarar som studerer utanlands. (Foto: Peter Klasson/SIU)

Om lag 300 000 amerikanarar studerer årleg i utlandet. Av desse studerte rundt 500 i Noreg i 2014.
– Det burde vore tusen amerikanske studentar i Noreg i fjor. Utfordringa er at studentane ikkje tenker på Noreg som eit alternativ. Men de har blant anna spesialkompetanse på fiskeri, energi og arktiske strøk, som er svært interessant for amerikanske universitet, seier Goodman.

Noreg er eksotisk

Eitt av initiativa innan Generation Study Abroad er internasjonale akademiske partnarskapsprogram: IAPP. Gjennom desse blir amerikanske universitet inviterte til å bli nærare kjend med eit spesifikt land gjennom webinar og studieturar.

Sist veke var representantar frå tolv amerikanske universitet i Noreg for å besøka høgare utdanningsinstitusjonar i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen, i regi av IAPP Norway. Fagleg var det energi og miljø som var i fokus.

IAPP-delegasjonane er organiserte til land som er lite brukt som samarbeidsland av amerikanske institusjonar, i følgje Goodman.

– Me prøver å visa dei amerikanske institusjonane korleis dei kan auka samarbeidet med eit spesifikt land, i dette tilfellet Noreg. For mange i USA er Noreg ganske eksotisk. Men landet dykkar har flotte universitet, eit trygt samfunn og ikkje minst mange kurs og mastergrader på engelsk.

Donna Anger, direktør for internasjonale program og initiativ ved University of Alaska Fairbanks, var ein av deltakarane på turen.

– Eg er her i hovudsak for å tenka strategisk rundt dei partnarskapa me allereie har med norske institusjonar. I tillegg til å møta andre amerikanske universitet som er interesserte i Noreg, har høgdepunkta vore personlege møte med folk frå norske institusjonar, og å læra meir om korleis me kan bruka dei ordningane SIU administrerer.

 

Knyta kontaktar

 

Donna Anger og Justin Wettstein

Amerikanske Donna Anger frå Alaska Fairbanks og Justin Wettstein frå Oregon deltok på IAPP Norway. (Foto: Peter Klasson/SIU)

Blant delegatane frå USA var også fagfolk frå ulike fagområde. Justin Wettstein frå Oregon State University er førsteamanuensis på College of Earth, Ocean and Atmospheric Sciences. Han ser studieturen som viktig for å skapa kontaktar for universitetet sitt, og har funne mulige interessante samarbeidspartnarar ved UiT og NMBU.
– For Oregon er det mange potensielle samarbeidspartnarar i Noreg, særleg innan fornybar energi. Eg prøver å finna sterke forskingsmiljø som er av interesse for oss, og deretter skapa kontakt mellom folk og grupper.

Når det gjeld studentutveksling, ser Wettstein dette som ein del av mulige forskingssamarbeid.

– Dersom me samarbeider om forsking, vil dette automatisk føra til studentutveksling på sikt. I Oregon har det faktisk vore ei dramatisk auke i internasjonale studentar, men mesteparten av desse er frå Asia. No ønskjer me å balansera dette med å få inn fleire skandinaviske studentar.

 

Vil endra paradigmet

IIE-direktør Allan Goodman innrømmer at målet om å dobla nummeret av amerikanske studentar som reiser utanlands kan bli vanskeleg å nå, særleg i eit land der majoriteten av dei som har pass er over seksti.

– Målet er ambisiøst, men me må prøva. Jobben vår er å sørgja for eit paradigmeskifte: Kva betyr det å vera utdanna? Det bør innebera internasjonalisering. USA er avhengig av verda, og me deler problem med så mange andre land. Oppgåva vår er å utdanna for framtida.

                                                                                              

Lik SIU på Facebook

Lik SIU på Facebook

Share |