- Ein kjem langt med å vere nysgjerrig

Shenghan Sun, Hong Wu og Vilde Målsnes fortel om sine erfaringar.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 15.04.2014

Shenghan Sun, masterstudent i Urban Ecological Planning ved NTNU:

SUNnyhet

- Eg har funne meg godt til rette i Noreg. Lufta er frisk og den vakre naturen gjer at eg kjenner med veldig avslappa her. Dei største utfordringane då eg kom var språket, klimaet og den norske levemåten. Men det tok ikkje meir enn en månad før usikkerheiten forsvann. Det er heilt klart mange fordelar med utveksling mellom Norge og Kina. Eg trur også det kan påverka det generelle tilhøvet mellom dei to landa. Mitt råd til dei som skal dra på utveksling er å setta seg inn i kulturen til det andre landet. Då vert overgangen lettare.

 

  

Hong Wu, førstemamanuensis, Høgskolen i Østfold:

Wu

- Høgskolen  har samarbeida med Shijiazhuang University of Economics sidan 2001, og eg har besøkt institusjonen årleg med faste undervisningsopplegg innan produktutvikling og innovasjon og entreprenørsap. I tillegg har eg nyleg blitt involvert i eit forskningsprosjekt i materialteknologi med Beijing Jiaotong University, som eg har besøkt tre gongar det siste året.  Dei kinesiske kollegaene er svært engasjerte i samarbeidet. Studentane er motiverte og fagleg sterke, til dømes med teoretisk modellering og matematisk kalkulering. Dei største utfordringane har vore lite kjennskap til kvarandre og korleis ulike system fungerer. Ofte er det den personlege kjemien som avgjer vegen vidare for samarbeidet. 

Vilde Målsnes, master i økonomisk styring ved NHH:

Vilde

- Hausten 2011 var eg på utveksling til Tsinghua-universitetet i Beijing. Her deltok eg i eit MBA-program med undervisning på engelsk. Eg valde Kina fordi det var ukjend og nytt, og for å få relasjonar eg kan bruka i framtida. I klassen min var det over 30 nasjonalitetar. Dette ga meg innsikt i læringskulturar og arbeidsmetodar frå heile verda. Kinersarane er svært opptekne av kjennskap og venskap. For å gjera business i Kina ma ein ha "quanxi", det kinesiske ordet for nettverk og eksisterande relasjonar. Utveksling er eit unikt høve til å skapa slike band.

Share |