Ny avtale om EØS-midlane

Innovasjon, forsking og utdanning er prioriterte tema for EØS-midlane i den nye programperioden.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 26.05.2016

Regjeringa og EU har no signert avtalar om nye norske bidrag til mindre velståande land i EØS, for ein periode som varer fram til 2021. I tillegg til innovasjon, forsking og utdanning vil blant anna energisikkerheit og klimaendringar bli særleg vektlagd.

Studentar som snakkar saman, med pc

Studentar og forskarar er blant dei som kan nyta godt av EØS-samarbeid. (Foto: David Zadig/SIU)

– Me ser fram til mange gode, spennande prosjekt med norske deltakarar i den nye perioden, seier SIU-direktør Harald Nybølet.

SIU-direktør Harald Nybølet

SIU-direktør Harald Nybølet (Foto: Peter Klasson/SIU)

– Midlane er viktige for å stimulera til meir samarbeid, og utvikla fagkompetanse på sentrale område.

No skal programmet utformast, i nært samarbeid med kvart av dei deltakande EØS-landa. Resultatet blir truleg klart i løpet av 2017.
Les meir om den nye EØS-avtalen på regjeringen sine nettsider.

Blant prosjekta som fekk støtte i sist periode, var eit samarbeid om nanoteknologi mellom Institutt for energiteknikk på Kjeller og Complutense-universitetet i Madrid. Les meir om prosjektet her.

Finn ut om du kan søka om EØS-midlar.

Share |