Ny liste for tilleggsstipend for studium i utlandet

Tilleggsstipendet dekker studieavgifter til utvalde kvalitetsinstitusjonar i land utanfor Norden, der studieavgiftene er særleg høge. Frå studieåret 2016-2017 er kvalitetskriteria for kva for institusjonar som er godkjende for tilleggsstipendet endra.

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 18.12.2015

– Målet har vore å lage ei eintydig liste. Lista bygger på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda: Times Higher Education (THE) si liste over verdsuniversitet og  Academic Ranking of World Universities (ARWU), også kalla  Shanghai-lista, seier Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør på SIU.

Studentar

Den nye tilleggsstipendlista blir oppdatert kvart år. (Ill.foto: SIU)

For at ein institusjon skal kvalifisere for tilleggsstipend, må han vere representert på begge desse rangeringane. Kunnskapsdepartementet har brukt plassering i dei to listene til å rekne ut ein samla score for institusjonen. Denne er så brukt for å etablere ei ny, rangert liste av institusjonar som kvalifiserer for tilleggsstipend. SIU har vore involvert i utviklinga av den nye lista.

Sjå institusjonane som er med på tilleggsstipendlista.

Blir oppdatert årleg

– Den gamle lista bygde på nasjonale rangeringar, og blei oppdatert berre kvart tredje år. Eit unntak var Storbritannia, der det gjekk åtte år mellom kvar gang den nasjonale rangeringa blei oppdatert. Det er ei klar forbetring når vi no får ei liste som blir oppdatert kvart år, seier Tungesvik.

Ei anna viktig endring, er at lista ikkje lenger er avgrensa til universitet frå USA, Storbritannia, Australia og Canada. Høgt rangerte institusjonar frå andre land er førte opp utan omsyn til om dei krev studieavgifter på nivå for tilleggsstipendet. I praksis er det helst universitet i engelskspråklege land som krev såpass høge studieavgifter. 

Kvalitet i mange land

– Det er ikkje dyrt å studere i eit viktig samarbeidsland som Tyskland, som har fleire universitet på lista. Heller ikkje land som Frankrike, Nederland, Russland, Kina og Japan krev høge skolepengar. Det finst høg studiekvalitet i mange land, seier Tungesvik.

Ho tilrår studentar å orientere seg etter kvalitet først og fremst, og sjå på prisen etterpå.

Totalpotten for tilleggsstipendet er planlagd innanfor same budsjettramme som sist år, og i alt 119 institusjonar har fått plass på lista. Studentar som er tekne opp til eit studium ved ein av desse institusjonane, kan søke om tilleggsstipend for 2016-17 dersom studiegebyret  er over 123.083 kroner.

Ettersom tilleggsstipendet er ei ordning som ikkje gjeld Norden, er nordiske universitet tekne ut av lista.

Tilleggsstipendet er på maksimum 66.552 kroner. Ordninga gjeld både studentar som tar ein heil grad utanlands og studentar som tar deler av graden utanlands. 

Forskingsbaserte breiddeuniversitet dominerer lista.

Nye inn, gamle ut

Omlegginga frå nasjonale rangeringar til denne nye, inneber at nokre nye universitet kjem inn på lista, mens andre fell ut. I USA er situasjonen at svært få norske studentar vel dei høgast rangerte universiteta. Biletet er annleis når det gjeld Storbritannia.

– Endringa er størst når det gjeld Storbritannia. Fem nye universitet kjem inn, mens ni frå den gamle lista går ut, seier Tungesvik.

Dei fem nye britiske lærestadane på lista: King’s College London, University of Glasgow, University of Birmingham, University of Nottingham, University of Exeter.

Dei ni britiske lærestadane som går ut: Durham University, University of York, University of St. Andrews, Lancaster University, University of Bath, University of Essex, Royal College of Art, University of London Courtuauld Institute of Art, University of London Scool of Oriental and African Studies (SOAS).

Fakta

Tilleggsstipendet dekker studieavgifter til utvalde kvalitetsinstitusjonar i land utanfor Norden,  der studieavgiftene er over 123.083 kroner for eit studieår.

Tilleggsstipendet er på maksimum 66.552 kroner.

Slik er dagens ordning for skulepengar i utlandet: For dei første 60.000 får studentar på bachelornivå 50 prosent utbetalt som stipend, resten er lån. Studentar på masternivå får her 70 prosent stipend, resten lån. Dei neste om lag 60.000 er lån. Studieavgift på over 123.083 i året kan bli dekka av tilleggsstipendet, men avgrensa til 66.552 kroner i året.

Share |