SIU ser til Japan

I samarbeid med Innovasjon Noreg skal SIU leggja til rette for at norske utdanningsinstitusjonar kan auka sitt samarbeid med Japan.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 27.01.2015

Japan er eitt av fleire land Kunnskapsdepartementet ønskjer at norske utdanningsinstitusjonar samarbeider spesielt med. No har SIU gått inn i eit nært samarbeid med Innovasjon Norge sitt Japan-kontor.

Del av kunnskapstriangelet

Avtalen er eit såkalla trepartssamarbeid der også Norges forskningsråd er involvert. Dei neste fire åra skal SIU samarbeida tett med begge organisasjonane og særskilt Innovasjon Noreg, som deler kontorplassar med den norske ambassaden i Tokyo.

– SIU ønskjer å utvida og styrka kontaktnettet vårt mot prioriterte aktørar i Japan, fortel avdelingsdirektør Else Kathrine Nesmoen ved SIU.

– SIU ønskjer å utvida og styrka kontaktnettet vårt mot prioriterte aktørar i Japan, fortel avdelingsdirektør Else Kathrine Nesmoen ved SIU.

– Satsinga skal styrka samarbeid om utdanning, forsking og næringsliv, det såkalla kunnskapstriangelet, fortel avdelingsdirektør Else Kathrine Nesmoen. Ho legg til at dette er første gongen dei tre aktørane går saman om ei slik satsing.

– Samarbeidet er ledd i ei overordna satsing frå KD si side på prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika, legg Nesmoen til.

I første omgang reiser seniorrådgjevar Bjarte Håvik til Tokyo i slutten av januar, og blir der eit par månader for å oppretta kontakt og jobba opp nettverk som norske institusjonar kan nyta godt av i ettertid.

– SIU ønskjer å auka kompetansen sin om japansk utdanning og japanske aktørar. Eg skal blant anna vera med på planlegging og gjennomføring av Science Week i Tokyo, som bringer saman institusjonar og bedrifter både frå Noreg og Japan, fortel Håvik. Arrangementet finn stad i slutten av mai, og i år er energi tema for konferansen.

Japanske Ayano Koike studerte ved UiT ved hjelp av Nordområdestipend-ordninga i 2014. (Foto: Silje Osland/SIU)

 

 

Japanske Ayano Koike studerte ved UiT ved hjelp av Nordområdestipend-ordninga i 2014. (Foto: Silje Osland/SIU)

Vil utvikla praksisplassar

– Norske institusjonar som ønskjer meir informasjon om Japan, og som til dømes treng ein døropnar for å få til avtalar med potensielle samarbeidspartnarar, er hjarteleg velkomne til å ta kontakt både medan eg er i Tokyo, til slutten av mars, og i etterkant, seier Håvik, som ser fram til å bli betre kjend med Japan for slik å kunna hjelpa norske institusjonar i etterkant.

– Som ein del av arbeidet med å auka utdanningssamarbeidet er det også planen å utvikla praksissamarbeid der norske studentar kan ha praksisopphald i bedrifter i Japan.
Blant norske institusjonar som allereie har samarbeid med Japan er Universitetet i Tromsø.

Norske institusjonar som er nysjerrige på Japan kan nytta seg av Nordområdeprogrammet for institusjonelt samarbeid, som kjem med ny utlysing i vår.

SIU har også landsider om Japan

lenke til facebook

Lik SIU på Facebook og få oppdateringer om IK15

Share |