Store midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid

SIU lyser ut midlar i fire  program for samarbeid i høgre utdanning med Nord-Amerika, Eurasia, Nordområda og Russland, og midlar til prosjektetableringsstøtte innan Erasmus+.

Av: Nyhenderedaksjonen.

Publisert: 26.05.2015

Eurasia-, Nord-Amerika-, Nordområde- og Russlandprogramma støttar utdanningssamarbeid som er fagleg forankra ved institusjonane. Ein kan m.a. få støtte til å utveksle studentar og forskarar, utvikle felles kurs og

Illustrasjonsfoto: Paul Sigve Amundsen/SIU

Illustrasjonsfoto: Paul Sigve Amundsen/SIU

studieprogram og halde seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet, t.d.  gjennom praksismobilitet. I Nord-Amerikaprogrammet er det eit krav at prosjekta har ein partner frå offentleg eller privat verksemd.

Prosjektetableringsstøtta innan Erasmus+ skal bidra til å auke den norsk deltakinga i dei sentraliserte tiltaka Kunnskapsalliansar, Sektoralliansar og Kapasitetsbygging. Institusjonar, organisasjonar og bedrifter som ønskjer å utvikle prosjekt innanfor desse tiltaka er velkomne til å søke.

Nordområdeprogrammet

Nordområdeprogrammetstøttar utdanningsprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Canada, Japan, Kina, Russland, Sør-Korea og USA. Institusjonane kan søke om opp til 1,5 millionar kroner til langsiktige, treårige prosjekt, og opp til 300.000 kroner til avgrensa prosjekt som varar i to år. Den totale ramma for utlysinga er 22 millionar kroner.     

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga i Nordområdeprogrammet

Prosjektmidlar til samarbeid med Nord-Amerika

Norske høgare utdanningsinstitusjonar kan søke om støtte til utdanningssamarbeid med institusjonar i USA og Canada. Utlysinga prioriterer søknader som koplar utdanning og arbeids-/næringsliv på ein god måte. Det kan søkast om opptil 200 000 kroner til prosjekt som varar i 18 månader. Den totale ramma for utlysinga er 2,4 millionar kroner.   

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga om prosjektmidlar til samarbeid med Nord-Amerika

Det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet

Norske høgare utdanningsinstitusjonar som ønsker å etablere eller utvikle eit nettverkssamarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar i andre nordiske land og Russland kan søke støtte gjennom det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet.  Det kan søkast om støtte på inntil 50 000 euro for nordisk deltaking i eittårige prosjekt. Den totale ramma for utlysinga er 445 000 euro.

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga i det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet

Prosjektetablering innan Erasmus+

Det kan søkast om støtte til prosjektetablering innan dei sentraliserte tiltaka Kunnskapsalliansar, Sektoralliansar og Kapasitetsbygging. Målet med desse midlane er å auke den norske deltakinga i Erasmus+. SIU tilbyr inntil 100 000 kroner i prosjektetableringsstøtte for koordinatorar og inntil 50 000 kroner for partnarar i prosjekt. Norske offentlege eller private organisasjonar som er involverte i utdanning kan søke om støtte til å etablere eit prosjekt, anten dei deltek som koordinator eller som partnar. Dette kan vere høgare utdanningsinstitusjonar, vidaregåande skular, fagskular, bedrifter, bransjeorganisasjonar, kommunar, fylkeskommunar eller andre statlege organ. Dei ulike tiltaka retter seg mot ulike målgrupper og stiller ulike krav til korleis eit partnarskap skal vere sett saman.

Søknadsfristen er løpande fram til 1. desember 2015, kl. 12.00 norsk tid.
Les meir om prosjektetablering innan Erasmus+
Les nyhendesak om prosjektetablering innan Erasmus+

Eurasiaprogrammet

Eurasiaprogrammet støttar utdanningsprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og  i Ukraina, Moldova, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland og Tadsjikistan. Utanriksdepartementet og SIU underteikna i juni ein avtale om ny programperiode for Eurasia-programmet for 2015–2020. Det er planlagt fleire utlysingar i denne perioden - den første er allerede publisert. Denne utlysinga gjeld fleirårige prosjekt frå 2016 - 2019 og har ei ramme på 45 millionar kroner. 

Søknadsfrist er 26. oktober 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga i Eurasia-programmet
Les nyhendesak om ny avtale og utlysning for Eurasia-programmet

Share |