Utdanning er avgjerande for integrering

Utdanning spelar ei avgjerande rolle når den enkelte skal finna sin plass i samfunnet.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 28.04.2016

Det påpeikte Chiara Gariazzo, direktør for blant anna koordinering av Erasmus+ i  Europakommisjonen, i sin tale til deltakarane på konferansen «Education, Participation, Integration – Erasmus+ and Refugees», som fann stad i Essen i Tyskland.

– Europeiske land står ovafor ei oppgåve som hastar: Korleis kan me integrera tusenvis av flyktningar i våre eksisterande utdanningsstrukturar? Me må hindra at desse presterer dårlegare enn andre, også på lang sikt, og hjelpa dei til å nå sine ambisjonar, sa Gariazzo. 

Syrisk student Rasha Abbas

TILBAKE: Ein dag skal me reisa attende til Syria, og bygga opp igjen landet vårt, seier Rasha Abbas, flyktning frå Damaskus. (Foto: Tordis Marie Espeland/SIU

 

Mange unge kjem aleine

Dei fleste flyktningane som kjem til Europa i desse tider har låg utdanning, og fleirtalet er unge: 30 prosent av asylsøkarane til EU i 2015 var under 18. I Sverige var 43 prosent av asylsøkarar under 18, og halvparten av desse kom aleine, i følgje Gariazzo.

– Hovudansvaret for integrering ligg hos kvar enkelt stat, men EU kan hjelpa gjennom til dømes Erasmus+-programmet. 

Gariazzo oppmoda deltakarane på konferansen, som kom frå utdanningssektoren i heile Europa, om å ta i bruk EU sine ordningar på tvers av sektorar og land, for å få flyktningar til å delta i samfunna dei kjem til. 

EU har nyleg lyst ut midlar til å motverka radikalisering, med frist 30.mai 2016. Les meir her.

 

Ein del av historia
Blant innleiarane var også den syriske forfattaren Rasha Abbas, som nyleg flykta aleine frå Damaskus til Berlin. Ho påpeika at bølgja av flyktningar er ein del av eit større bilete.

– Grenser vert brotne mot styresmaktene si vilje. Me lagar historie. Å leva i ei middelklasse-boble i Damaskus var lett. Det var først då eg kom til Tyskland som flyktning at eg vart kjende med andre sider av det syriske samfunnet.

–  Flyktningar møter språklege og sosiale barrierar. Utdanning er ikkje berre basen, men er sjølve nøkkelen til integrering, påpeikte Abbas.

Perspektiv og nettverk

Blant dei norske deltakarane på konferansen var Kristine Fagerland, som leiar utviklingsavdelinga ved Val vidaregåande skule i Nord-Trøndelag. Skulen tilbyr faga akvakultur, hest og landbruk. Elevane har allereie tilbod om utveksling til ei rekkje europeiske land, deriblant Nederland og Irland, gjennom Erasmus+.

I tillegg har skulen dei siste åra tilbode tilrettelagd praksis for elevar i lokal sjømatnæring, i samarbeid med opplæringskontoret for fiskerifag i Nord-Trøndelag. Nokre av desse elevane har vore minoritetsspråklege, fortel Fagerland, og praksisen har somme tider enda med at elevane har fått fast arbeid. No ønskjer ho å vidareutvikla desse prosjekta, gjerne i samband med at kommunen tek imot flyktningar.

– Konferansen gav perspektiv, og ikkje minst eit utvida nettverk. Å snakka med folk som jobbar i flyktningmottak, og som deler ut matpakkar til asylsøkarar i  Hellas gjer inntrykk, seier Fagerland. 

 

Vil involvera skulane

Frank Westby er verksemdsleiar for skulane i Askim kommune, som har om lag 20 prosent framandspråklege elevar i sine skular. Westby var til stades på konferansen for å finna ut korleis skulane i kommunen kan dra nytte av Erasmus+-programmet, som han ikkje kjende spesielt godt til frå før. 

Frank Westby

SAMARBEID: Frank Westby heng frå seg visittkortet på tavla for framtidige samarbeid. (Foto: Tordis Marie Espeland/SIU)

– Alle foreldre må vera klare over kor viktig utdanning er for framtida til borna deira. No skal eg prøva å involvera skulane i dette arbeidet, kanskje med fokus på det ein kallar «soft skills»- som til dømes interkulturell forståing.  
 

Klikk her for meir informasjon om Erasmus+. 

Share |