Vil tene på å sende fleire studentar ut

Universitet og høgskolar skal få meir pengar for kvar utvekslingsstudent i 2017, foreslår regjeringa. Styrkinga er særleg stor for studentar som reiser ut gjennom EU-programmet Erasmus+.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 07.10.2016

Harald Nybølet (foto: Peter Klasson/SIU)

SIU-direktør Harald Nybølet er glad for at regjeringa vil premiere universtitet og høgskolar som er flinke til å sende studentar på utveksling. (Foto: Peter Klasson/SIU)

– Dette er svært gledeleg og understrekar at kunnskapsministeren meiner alvor med sitt ønske om å få fleire til å reise på utveksling, seier direktør Harald Nybølet i Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Endringa er eit tydeleg signal om at internasjonalisering er ein viktig faktor for kvaliteten i norsk utdanning, meiner han.

Styrkast med 34 millionar

Med dei nye satsane vil institusjonane få 15 000 kroner for kvar student som dreg utanlands på eit Erasmus+-opphald. For andre utvekslingsstudentar som kjem inn eller reiser ut, vil dei få 10 000 kroner. I 2016 var satsen for alle desse gruppene 8 000 kroner.

Samla sett inneber denne endringa at dei økonomiske insentiva for å få universitet og høgskolar til å legge til rette for utveksling aukar frå 100 millionar kroner til 134 millionar kroner.

Enklare å få støtte til å lære språk

Nybølet er også nøgd med at reglane for støtte til språkstudium i ikkje-engelskspråklege land blir endra. Fram til no har det vore krav om at ein må halde fram med ordinær utdanning i det same landet for å få støtta som stipend.

– Dette kravet blir no fjerna, i tråd med SIU sine innspel til Kunnskapsdepartementet. Forslaget inneber at alle som fullfører språkopplæringa vil vere sikra stipend. Det kan bidra til å heve språkkompetansen i norsk arbeids- og næringsliv, framhevar Nybølet.

Viktige samarbeidsland

Satsinga på Panorama-strategien blir vidareført og styrka i statsbudsjettet. Strategien skal fremje samarbeid om høgre utdanning og forsking av høg kvalitet med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika og gjeld for perioden 2016–2020.

SIU er ein sentral aktør i gjennomføringa av Panorama-strategien. SIU og Forskingsrådet kjem med nye utlysingar i både UTFORSK og INTPART i 2017.

Globale partnarskap

Løyvinga til NORPART, partnarskapsprogrammet med land i sør, som SIU forvaltar, blir auka til 17,8 millionar kroner.

– Dette er som venta og i tråd med regjeringa si avgjerd frå i fjor om å fase ut kvoteordninga og i staden nytte dei frigjorde midlane til dette programmet, forklarar Nybølet.

Grunnløyvinga til SIU ligg stabilt i forslaget til statsbudsjett og blir i 2017 på 83,4 millionar kroner.

Muligheter i utlandet

En innholdsrik nettportal med inspirasjon og praktisk informasjon om utdanningsmuligheter i utlandet - fra grunnskole og helt opp til høyere utdanning.

Utdanning i verden

Offentlig og kvalitetssikret.


Share |