Ynskjer meir samarbeid med Japan

Store skilnader innan språk, kultur, pedagogikk og semesterinndeling er barrierar for utdanningssamarbeid og studentmobilitet med Japan. Ein ny rapport skal gjere det lettare for norske institusjonar å samarbeide med den asiatiske forskingsgiganten.

Av: Kjersti Mokleiv Brown.

Publisert: 18.06.2014

Japan

 

Japan er eitt av åtte satsingsland for kunnskapssamarbeid mellom Noreg og land utanfor Europa. Til tross for betydeleg forskingssamarbeid mellom dei to landa dei siste ti åra, er utdanningssamarbeidet mykje meir avgrensa. Tidleg i vår kom SIU  med rapporten «Samarbeid med Japan i høyere utdanning: Forutsetninger, utfordringer og muligheter», med hensikta å styrke kunnskap og interesse for Japan som samarbeidsland.

– For Noreg, som satsar på ei sterk kopling mellom forsking og utdanning, er det viktig å finne riktige partnarar innan prioriterte forskingsområde, og vidareutvikle desse relasjonane til å omfatte utdanningssamarbeid, seier seniorrådgjevar på SIU, Else-Kathrine Nesmoen.

Fleirtalet av dei 135 norske studentane som drog til Japan i 2013 studerte språk- eller kulturfag.

TENK NYTT: Else-Kathrine Nesmoen i SIU oppmodar norske universitet og høgskular til å opne auga for dei nye mogelegheitene for utdanningssamarbeid med Japan. Foto: SIU

TENK NYTT: Else-Kathrine Nesmoen i SIU oppmodar norske universitet og høgskular til å opne auga for dei nye mogelegheitene for utdanningssamarbeid med Japan. Foto: SIU

– Det er vel og bra. Men vi ynskjer utdanningssamarbeid med Japan også innan andre fag.  Forskings- og teknologiavtalen mellom Noreg og Japan legg til rette for samarbeid mellom norske og japanske forskarar innan  fag som energi og miljø, matsikkerheit, avanserte materialar og nanoteknologi, polarforsking og  romforsking. Dette er attraktive område for utdanningssamarbeid som vi håpar fleire norske institusjonar nyttar seg av, seier Nesmoen.

Japan står overfor ei formidabel demografisk utfordring: Befolkninga er venta  å bli redusert med ein firedel innan 2050. Landet svarar med å peike på internasjonalisering som et hovudverktøy for betre kvalitet i utdanning og for økonomisk vekst.

– Ei ny offensiv satsing på engelskspråklige kurs, nedbygging av barrierar for mobilitet og verkemiddel for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid gir nye mogelegheiter, legg Nesmoen til.

Norske institusjonar kan søke om midlar til samarbeid med Japan gjennom UTFORSK og Nordområdeprogrammet.

Store avstandar
Benedicte Mosby Irgens ved Universitetet i Bergen (UiB) er ein av dei som har bidrege til den nye rapporten. Ho er fyrstelektor på Institutt for framandspråk og underviser ved bachelor-programmet i japansk ved UiB. Instituttet hennar har

FYRST UTE: Benedicte M. Irgens ved UiB var den aller første norske studenten som tok mastergrad i japansk språkvitskap i Japan. Foto: UiB

FYRST UTE: Benedicte M. Irgens ved UiB var den aller første norske studenten som tok mastergrad i japansk språkvitskap i Japan. Foto: UiB

utvekslingsavtalar med ti japanske institusjonar.

– Avstanden mellom Noreg og Japan er stor, både kulturelt og språkleg. Studentane våre må lære seg å snakke, lytte, lese og skrive på nytt, og dei får ingenting gratis. Skriftspråket er svært komplisert og tar mange år å lære, seier Irgens.

Sjølv reiste ho til Japan som student på slutten av åttitalet, og vart den aller første norske studenten som tok mastergrad i japansk språkvitskap der.

– For meg er det å samarbeide med japanske institusjonar nokså problemfritt. For dei som jobbar med andre fagfelt enn språk og kultur, forstår eg at det kan vere vanskeleg å knekke kodane, seier ho.

Trå med varsemd
Irgens har fylgjande råd til andre som ynskjer å samarbeide med institusjonar i Japan:

– Først må ein bruke litt tid på å finne ut kva ein er ute etter i ein partnar. Ein bør sondere terrenget og opprette initialkontakt med nøkkelpersonar. Dei fleste japanske institusjonar har internasjonale kontor med personar som snakkar engelsk, seier ho.

Samarbeid med Japan

Japan er den tredje største økonomien i verda, ein av dei tre største forskingsnasjonane i verda og har felles forskingsinteresser med Norge innan fleire sentrale område.

 

Talet på norske studentar som tar heile eller delar  av graden sin i Japan er tredobla det siste tiåret, frå 42 i 2003 til 135 i 2013.

 

Talet på japanske studentar i Noreg er nær firedobla i den same perioden, frå 27 til 101.

 

University of Tokyo er rangert som det beste universitetet i Asia, plassert som nummer 23 på Times Higher Education (THE) World University Ranking 2013/14. Japan har fem universitet på THE si topp 200-liste.

Ein feil som nordmenn ofte gjer i kontakt med Japan, er å vere for frampå tidleg i kontaktfasen.

– Her må ein være grundig, bygge stein på stein, treffe folk, ete lunsjar og bli kjent med dei. Ein må trå med ei viss varsemd og ikkje være for rett fram – høflegheit spelar ei viktig rolle i den japanske kulturen. Velger ein rett partnar og er tålmodig, vil det mest sannsynleg komme gode resultat, legg ho til.

Aukande interesse
Irgens fortel om eit språkfag som i motsetnad til mange andre språk opplever aukande interesse blant norske studentar.

– I år har 78 studentar søkt seg til bachelor-programmet på UiB, fleire enn nokon gong tidlegare. Mange av studentane har ei genuin interesse for det japanske, ofte gjennom populærkultur eller dataspel. Og dei veit i utgangspunktet meir om Japan enn studentane gjorde for 15-20 år sidan – uendeleg mykje informasjon er no berre nokre tastetrykk unna, seier Irgens.

Ho trur tida er inne for å tilby japansk som framandspråk frå grunnskulen av og ved fleire vidaregåande skular.

– Verda vender i aukande grad blikket mot Aust-Asia. Japan er eit velutvikla land med avansert forsking og innovasjon innan fag som er viktige for Noreg, legg ho til.

Share |