For lite kontakt med norske studentar

Internasjonale studentar i Noreg er svært nøgde med utdanning og studiemiljø, men mange har lite kontakt med norske studentar. 

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 17.11.2016

Kinesiske og norske studenter

Det viser ei undersøking frå SIU, der over 2 600 internasjonale studentar svarer på ei rekkje spørsmål både om fagleg kvalitet og det sosiale, men også om grunnar til at dei har vald Noreg som studieland.

Undersøkinga omfattar både studentar som er på utveksling, og som tek ei heil grad i Noreg. 

SIU la frem rapporten på eit frukostmøte i Oslo 18. november. Dette vart streama, og her kan du sjå opptak frå frukostmøtet. 

Les undersøkelsen her i PDF: International students in Norway

Meir «icebreaking»

– Dei internasjonale studentane er i hovudsak svært nøgde både med kvaliteten på utdanningane dei tek, og med studiemiljøet. Men, me ser at kontakten mellom norske og internasjonale studentar kan bli betre, seier SIU-direktør Harald Nybølet. 

Harald Nybølet - SIU direktør

Høge levekostnader og det å bli kjend med nordmenn er nemleg det flest studentar peiker på når dei blir spurt om kva som er utfordringane ved å vera internasjonal student i Noreg. 29 prosent seier at dei aldri eller sjeldan har kontakt med norske studentar.

– SIU meiner at internasjonale studentar er for lite nytta til å eksponera norske studentar for nye impulsar og perspektiv. Dei fleste norske studentar reiser jo ikkje ut, men blir heime, legg Nybølet til.

Daniel Hernández Iniesta er president i International Student’s Union Norway (ISU), i tillegg til å vera mastergradsstudent ved NMBU. Han er ikkje overraska over at internasjonale studentar meiner det er utfordrande å bli kjende med norske studentar, men ser løysingar.

Daniel Hernándes Iniesta

– Å koma til eit nytt land er sjølvsagt eit kultursjokk. Difor er dei aller første vekene så utruleg viktige med tanke på framtidige venskap. Dette må utnyttast betre. Dei fleste likar jo eigentleg å møta nye folk og nye kulturar. For å bryta nokre barrierar starta me kampanje kalla "Icebreaker", for å betra kontakten mellom internasjonale og norske studentar, fortel Iniesta.

– Me arrangerer mellom anna kaffimøter mellom norske og internasjonale studentar, og har snakka med leiinga ved fleire universitet om korleis integreringa kan bli betre.

Betre kvalifiserte

Norske studentar som ikkje sjølv reiser ut, kan få internasjonal erfaring frå studentar som kjem til Noreg, meiner Daniel H. Iniesta. 

– Dei kan også bli motiverte til sjølv å reisa ut. Eg har tru på at personlege møte er ein effektiv måte å påverka folk på.

Harald Nybølet understreker også at norske studentar drar nytte av å få internasjonale impulsar.

– Slik kan norske studentar bli meir attraktive jobbsøkarar i ein stadig meir globalisert arbeidsmarknad. Dei kjem garantert til å møta menneske frå andre land, blant anna som samarbeidspartnarar og kollegaer. Dette er ein av fleire grunnar til at norske studentar treng internasjonal kompetanse.

Svara i undersøkinga er  interessante og nyttige av fleire årsaker, blant anna også i arbeidet med å rekruttera fleire gode studentar frå andre land, påpeiker SIU-direktøren.

Høg kvalitet og urørt natur

Blant dei som har svart på undersøkinga finn me flest tyskarar og franskmenn, etterfølgd av russarar, kinesarar og spanjolar. Grunnar til at studentane ønskjer seg til Noreg er først og fremst god studiekvalitet, i tillegg til urørt natur og eit trygt og fredeleg samfunn. Det viser seg at dei internasjonale studentane overordna er meir nøgde med undervisninga enn det norske studentar er.

Også karriere og eit teknologisk avansert samfunn er høgt på lista over grunnar til å studera Noreg, medan fråvær av dyre studieavgifter kjem lengre ned på lista.

Gode ambassadørar

– Internasjonale studentar er ein ubrukt ressurs, påpeiker Nybølet.

– I tillegg til å tilføra ny kunnskap til sine norske medstudentar, kan dei også bli viktige for norsk næringsliv og resten av samfunnet, både medan dei studerer og når dei er ferdige.

SIU ønskjer at lærestadene ser med eit heilskapleg blikk på arbeidet med internasjonalisering, seier direktør Nybølet.

– Dette må omfatta alle studentar og tilsette, uansett om de er komne hit frå  utlandet, sjølv reiser ut, eller om dei blir i Noreg gjennom hele studiet.

ISU-president Daniel H. Iniesta kom til universitetet i Stavanger i 2011 som Erasmus+-student frå Barcelona, og reiste den gong ut for å utfordra seg sjølv.

– Eg har møtt og lært frå folk frå heile verda. I dag er ein av mine medstudentar frå Stavanger minister i Tanzania, medan ein annan er direktør i Indonesia. Husk at internasjonale studentar som reiser heim, lett vert gode Norges-ambassadørar i sine heimland.

Les undersøkelsen her: International students in Norway (2016)

 

FAKTA
SIU gav nyleg ut rapporten «International students in Norway – Perceptions of Norway as a study destination», basert på ei spørjeundersøking blant internasjonale studentar.

  • Det er femte gong SIU publiserer ein rapport om internasjonale studentar. 2623 studentar svarte, noko som er ein svarprosent på 35.
  • Studentane i undersøkinga kjem frå 110 ulike land. Litt over halvparten av dei kjem frå Europa.
  • Høg kvalitet og det gode omdømet til norske utdanningsinstitusjonar er den viktigaste grunnen til at studentane vel Noreg som studieland.
  • I 2015 var talet på studentar med utanlandsk statsborgarskap25 685. Dette var om lag ti prosent av den totale studentmassen.

Rapport: Internasjonale studenter i Norge 2016

Omdoemmerapport-SIU-omslag-2016-106-150pxl

Ein ny undersøkelse blant internasjonale studenter ser på institusjonelle faktorar og internasjonalt læringsmiljø på lærestader for høgare utdanning i Noreg.

Les heile rapporten her:
International students in Norway 2016 


Share |