Har fordelt 2,5 milliardar til internasjonalt samarbeid

Tusenvis av prosjekt har fått støtte til internasjonalt utdanningssamarbeid i løpet av dei siste ti åra.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 08.12.2016

I prosjektkatalogen på siu.no ligg det informasjon om rundt 7500 prosjekt som har fått tildelingar under eit av dei mange programma Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) forvaltar eller har forvalta opp gjennom åra.

Totalt utgjer tildelingane frå 2006 til i dag omkring 2,5 milliardar kroner.

SIU støttar internasjonaliseringstiltak gjennom ei rekkje program og ordningar som til saman dekkjer heile utdanningsløpet, frå barnehage til høgare utdanning. Organisasjonar som jobbar med utdanning kan få støtte til ulike former for samarbeid med nesten alle land i verda.

Prosjektkatalogen omfattar alle desse programma og ordningane, og talmaterialet består av data frå 2006 og fram til i dag. No er det blitt enklare å finne fram i desse dataa takka vere betre filtrering og ei meir oversiktleg utforming.

Skjermbilete av prosjektkatalogen

Prosjektkatalogen har informasjon om alle prosjekt som har fått støtte frå 2006 til i dag.

Nyttig for andre søkjarar

Stig Helge Pedersen i SIU har leia arbeidet med å fornye løysinga. Han meiner prosjektkatalogen kan vere eit nyttig verktøy for alle som arbeider med prosjektsøknader, i tillegg til andre som er interesserte i statistikk eller annan informasjon om SIU-støtta prosjekt.

– I katalogen finn du nøkkelinformasjon om kvart enkelt prosjekt, kven som er med, den økonomiske ramma og eit samandrag av prosjektomtala, fortel Pedersen.

Stig Helge Pedersen

Det ligg mye interressante data i prosjektkatalogen, seier Stig Helge Pedersen i SIU.

For avslutta prosjekt ligg der også inne eit samandrag av sluttrapporten.

– Du kan for eksempel søkje i fritekst for å finne prosjekt knytt til bestemte tema. Slik kan du sjå kva andre har gjort før og sjå etter høve til erfaringsoverføring og vidareutvikling, seier han.

Informasjon om kva for institusjonar og bedrifter som er involverte, kan vere nyttig for å finne fram til aktuelle samarbeidspartnarar for nye prosjekt.

– Dessutan kan du hente ut oversikter over kor mykje støtte vi har delt ut per år under ulike program, eller for samarbeid med særskilde land. Du kan blant anna filtrere på år, program, land, fagområde og institusjonar, seier Pedersen.

Prosjektkatalogen hentar data frå SIU sitt eige søknads- og rapporteringssystem (Espresso) og frå EU sitt utdanningsprogram Erasmus+.

>> Gå til prosjektkatalogen 

Share |