Hard konkurranse om tilskot til samarbeid med utviklingsland

Godt over hundre søknader kom inn til den aller første utlysinga i NORPART-programmet. Tjueein av prosjekta får støtte.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 09.12.2016

– Vi har fått svært mange søknader av god kvalitet, og skulle gjerne gitt støtte til fleire, seier Else Kathrine Nesmoen, avdelingsdirektør i Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

NORPART støttar akademisk samarbeid og studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og partnarland i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Den første utlysinga var på 97 millionar kroner, og kvart prosjekt får maksimalt 5 millionar kroner i støtte.

SIU fekk i alt 114 søknader til programmet frå norske universitet og høgskular. Dette er vesentleg meir enn det som er vanleg for tilsvarande program. Dei fleste søknadene byggjer på samarbeid med partnarar i Afrika, og Etiopia er det mest populære partnarlandet.

Gjensidig studentutveksling

Av dei prosjekta som fekk tildeling i denne runden, er 13 med hovudpartner i Afrika, seks i Asia og to i Latin-Amerika.

– Gjennom dette programmet vil det framleis kome mange studentar frå utviklingsland til Noreg dei neste åra. Rundt 600 studentar vil ta delar av master- eller ph.d.-graden sin her gjennom prosjekta som no får støtte. Nokre av dei vil ta heile graden ved norske utdanningsinstitusjonar, fortel Nesmoen.

I tillegg vil mange norske studentar få tilbod om studieopphald ved samarbeidsuniversitet i utviklingsland.

Bidreg til eit internasjonalt læringsmiljø

Samstundes vil langt fleire enn dei som sjølve drar på utveksling, få utbytte av samarbeidet. Prosjekta omfattar mellom anna felles undervisning, gjensidig forbetring av pensum, felles sommarskular og utvikling av nye emne og studieprogram, og ei rekkje ulike fagområde er representerte.

NORPART

Norwegian Partnership Programme for Global Academic Cooperation

Meir informasjon om programmet

Tildeling for perioden 2017–2021

 

Partnarland

  • Nicaragua
  • Guatemala
  • Myanmar
  • Vietnam
  • Sri Lanka
  • Bangladesh
  • Ghana
  • Etiopia
  • Zambia
  • Kenya
  • Kamerun
  • Tanzania
  • Malawi
  • Mosambik

 

Fagområde

  • lingvistikk
  • arkeologi
  • biologi
  • elektronikk
  • mekanikk
  • pedagogikk
  • informatikk
  • antropologi
  • medisin
  • statsvitskap
  • fysikk
  • miljøvitskap
  • helsevitskap
  • landbruk
  • journalistikk
  • mediefag

Share |