SIU 25 år: – Internasjonalt samarbeid verkar

– SIU er ein spydspiss for internasjonal forståing. Jo fleire unge menneske vi kan få til å reise ut, jo betre sikrar vi det systemet som har vakse fram etter andre verdskrig, og som har sikra ei fredeleg og sivilisert utvikling, sa professor Frank Aarebrot i si tale på 25-årsjubileet til SIU.

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 16.12.2016

I år fyller SIU 25 år. Det blei i går markert med ein fest i SIU sine nye lokale i Bergen og med gjestar frå blant anna utdanningsinstitusjonane i byen, Kunnskapsdepartementet, UHR, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Bergen næringsråd.

Frank Aarebrot

– SIU gjer ein kjempejobb! Lukke til med dei neste 25 åra, sa Frank Aarebrot. (Alle foto: Peter Klasson/SIU)

Internasjonal motstand

Frank Aarebrot, den profilerte professoren i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, var hovudtalar.

– I etterkrigstida voks det fram ein tydelegare idé om at verda er knytt saman som ein. Alt dette står i fare no. Polen og Ungarn har allereie rimeleg eksotiske regjeringar, og USA får det snart. Dette er politikarar som trekk veljarar på motstand mot ein kvar form for internasjonalt samarbeid.

– Utviklinga er urovekkande ikkje berre for SIU sine arbeidsplassar her i Bergen, men for heile den vestlege sivilisasjonen, sa Aarebrot.

Immun mot nasjonalisme

Han peika på utdanning og internasjonalt samarbeid som heilt sentrale reiskap for å demma opp mot nasjonalistiske rørsler.

– Unge og høgt utdanna menneske er mest immune mot nasjonalisme. Unge, velutdanna britar som jobbar ute i Europa var ekstra kritiske til Brexit. Dette viser at internasjonalt samarbeid verkar. Du får eit heit anna syn på menneske frå andre land og kulturar når du ferdast blant dei.

Difor, meiner Aarebrot, er det internasjonale arbeidet som SIU og norske universitet og høgskular gjer, så viktig. Og difor er det viktig å snakke ikkje berre om kvalitet når vi snakkar om internasjonalisering, men også kvantitet.

Kva er rart?

– Å sende unge menneske ut, og ta imot unge menneske i Noreg, er eit byggande arbeid. Og jo da, vi treng internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten i norsk utdanning. Men vi treng å tenke kvantitet også. Vi treng å eksponere flest mogleg studentar for verda der ute.

– Det personlige møtet med det som er annleis og framand, kor vi må tilpasse oss og prøve å forstå, er ei eksistensiell erfaring. Når du skal kjøpe ein cola, når du er tvungen til å fungere i kvardagen. Då innser du at det som er «rart», har med kontekst å gjere.

Harald Nybølet

– Internasjonalt samarbeid kjem til å bli stadig viktigare framover, sa Harald Nybølet.

Internasjonal familie

Aarebrot peikte på at faget hans, samanliknande politikk, er internasjonalt i sitt vesen. Det same gjeld for privatlivet hans, røpte han.

– Kona mi kom i si tid som utvekslingsstudent frå Nederland til Noreg. Begge sønene våre har vore Erasmus-studentar, og ein av dei har busett seg i Nederland. Heile familien min er skapt av internasjonalt samarbeid, sa Aarebrot.

Bygg bruer, ikkje murar

Men det var SIU-direktøren Harald Nybølet som opna 25-års markeringa.

Han oppsummerte dei 25 åra av SIU si verksemd frå den spede starten med tre tilsette i 1991, til situasjonen i dag med bortimot 100 tilsette som spiller ei stadig viktigare rolle for kunnskapssektoren.

– Vi lever i ei turbulent og usikker tid, ei på mange måtar ubehageleg tid. Auka forståing over landegrenser trengst, så internasjonalt samarbeid kjem til å bli stadig viktigare framover. Vi må bli flinkare til å bygge bruer i staden for murar, sa Nybølet.

– Internasjonalt utdanningssamarbeid handlar også om å heve kvaliteten på norsk utdanning. Og om å gjere unge menneske betre rusta til eit stadig meir globalisert samfunn og arbeidsliv, påpeikte han.

Kritisk venn

På talelista sto også Lene Oftedal, seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.

– Eg seier som Frank Aarebrot: SIU er ein spydspiss for internasjonalisering. Denne organisasjonen er det åttande fjellet i Bergen. SIU er ei viktig partnar for KD for å utvikle utdanningspolitikken vidare.

– Som 25-åring er SIU trygt planta der de skal vere. Vi treng innspela og råda dykkar, og vi treng de som kritisk venn, sa Oftedal.

Harald Nybølet, Lene Oftedal, Alf Rasmussen

Harald Nybølet (f.v.), Lene Oftedal og Alf Rasmussen markerte at SIU har blitt 25 år.

Gull for Noreg

Også Alf Rasmussen, generalsekretær i UHR og tidlegare SIU-direktør, hadde kome over fjella for å heidre jubilanten.

– Med Harald Nybølet som direktør, og med så dyktige og kompetente tilsette, er SIU gull for Noreg, sa Rasmussen i talen sin.

Share |