Unge jenter på reise i Europa - sitter ved en fontene på et torg

Internasjonalisering i grunnopplæringa

Internasjonalisering er å integrere ein internasjonal, interkulturell og global dimensjon i undervisning og organisasjon.

Ny avtale om EØS-midlane

Innovasjon, forsking og utdanning er prioriterte tema for EØS-midlane i den nye programperioden.

Publisert: 26.05.2016

I 2009 la Regjeringa fram ei eiga stortingsmelding om internasjonalisering i utdanninga, der ein for fyrste gong tok for seg internasjonalisering i heile utdanningsløpet. Meldinga handlar om å møte utfordingar, men mest om korleis nasjonale styresmakter og utdanningsinstitusjonar skal nytte sjansar for endring og utvikling som følgje av auka globalisering.

Mobilitet gjennom utveksling og studieturar for klassar eller grupper av tilsette er innarbeidde verkemiddel for internasjonal kontakt. Men internasjonalisering omfattar meir enn reiser. Det handlar om å integrere det internasjonale, interkulturelle og globale i læringsmål, organisasjon og aktivitetar i skolekvardagen. Gjennom ”internasjonalisering heime” skal skolen medverke til at alle elevar, også dei som ikkje reiser, kjem i kontakt med det internasjonale.

Under følgjer definisjonar av nokre sentral omgrep, henta frå i St.meld.nr.14 (2008-2009).

Globalisering

Globalisering blir brukt om prosessar og krefter som gjer at avstand og landegrenser blir mindre viktige. Globalisering er ein langvarig og kompleks prosess som skjer på ei rekkje ulike samfunnsområde samstundes. Det er politiske, samfunnsøkonomiske, teknologiske og kulturelle prosessar som påverkar utviklinga i verdssamfunnet.

Internasjonalisering

Internasjonalisering er utveksling av idear, kunnskap, menneske, varer og tenester over landegrenser, og har enkeltlandet som ståstad og perspektiv.

Internasjonalisering av utdanning

Dette er ein prosess der ein internasjonal, interkulturell og global dimensjon blir integrert i læringsmål, organisasjon og aktivitetar. Prosessen omfattar også organisatorisk forankring og pedagogisk praksis på skolen.

Stortingsmeldinga om internasjonalisering i utdanninga tek opp fleire sider ved internasjonalt samarbeid og internasjonalisering. Gjennom å måle seg mot andre, vil ein få betre grunnlag for samanlikning og samhandling. Skoler og styresmakter kan gjere meir informerte val for kvalitetsutvikling for auka læringsutbytte for elevane. Internasjonalisering kan medverke til fagleg og personleg utvikling for elevar og lærarar, og til utvikling av skolen som institusjon.

Det er mange måtar ein kan gå fram på. Mellom desse er samarbeid med skolar i andre land og innhenting av internasjonale faglege og pedagogiske ressursar og ressurspersonar i undervisninga. Ein kan og bruke digital teknologi for å få tilgang til eit mangfald av ressursar og læremiddel.

Prosjektsøk


Ressurser for rådgivere


Idrett og Erasmus+

Erasmus pLuss banner 190pxl

Vi vil styrke den europeiske dimensjon innenfor idrett, med økt samarbeid mellom idrettsorganisasjoner.

Les mer om Erasmus+ idrett


Share |