Studenter i fellesområdene

Tilleggsstipend

Alle norske studentar får ved utlandsstudier utanfor Norden dekt skulepengar inntil ein viss grense. Dersom skulepengar overstig denne grensa, kan ein få ytterlegare støtte til skulepengar ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden. Denne utvida støtta heiter tilleggsstipend.

Ny liste for tilleggsstipend for studium i utlandet

Tilleggsstipendet dekker studieavgifter til utvalde kvalitetsinstitusjonar i land utanfor Norden, der studieavgiften...

Publisert: 18.12.2015

Tilleggsstipend til høgare utdanning i land utanfor Norden 2016/17

Alle norske studentar får ved utlandsstudier utanfor Norden dekt skulepengar inntil kr 126 160. Dersom skulepengar ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden overstig kr 126 160, kan ein få ytterlegare støtte til skulepengar. Denne utvida støtta heiter tilleggsstipend. Ein kan få inntil kr 68 216 i tilleggsstipend. 

Merk: Alle satsar frå 2016/17, satsar for 2017/18 kjem etter at statsbudsjettet vert endeleg vedteke i desember. 

Det er berre lærestadane som står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend som utløyser rett til tilleggsstipend. Kvalifiseringslista er ei kvalitetsrangering og er sett opp utan omsyn til korvidt lærestadane krev skulepengar i det heile eller korvidt skulepengane er så høge at ein treng tilleggsstipend for å dekke dei. Mange lærestader på kvalifiseringslista for tilleggsstipend har ikkje skulepengar. Høge skulepengar er i seg sjølv ikkje eit kvalitetsmål: at ein lærestad krev høge skulepengar betyr ikkje at utdanninga ved lærestaden automatisk er av betre kvalitet enn hjå ein lærestad som ikkje krev skulepengar. 

Merk: Det er Lånekassen som betalar ut tilleggsstipend. SIU har fått delegert mynde frå Kunnskapsdepartementet til å setje opp kvalifiseringslista. Lånekassen oppgjev på sine sider at ein ikkje treng å søke spesielt for å få tilleggsstipend. 

Frå studieåret 2016/17 er kvalitetskriteria for kva for institusjonar som er godkjende for tilleggsstipendet endra. Kvalifiseringslista for tilleggsstipend byggjer på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda. Dei to rangeringane  er Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla  Jiao Tong Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein felles poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista. For skuleåret 2017/18 er det 132 institusjonar med på lista. 

Kva skjer når kvalifiseringslista vert endra frå år til år?

Kvalifiseringslista vert revidert kvart år. Dersom du har byrjar (eller har byrja) på ein grad ved ein lærestad som då du byrja sto på kvalifiseringslista, vil du behalde tilleggsstipendet for heile graden sjølv om lærestaden fell ut av lista ved ei seinare listerevidering. Dersom du byrjar (eller har byrja) på ein lærestad med høge skulepengar som ved listerevidering etter at du har byrja kjem inn under ordninga, har du rett på tilleggstipend frå og med det skuleåret der lærestaden kom med og til du har fullført grada di. Dersom lærestaden din kjem inn på lista medan du er under utdanning kan du ikkje krevje tilleggsstipend bakover i tid for tida før lærestaden kom inn på lista, sjølv om du var student ved lærestaden då. For enkeltvise utvekslingssemester som del av ein grad er det kvalifiseringslista for det skuleåret utvekslinga skjer som gjeld, sjølv om utvekslinga har vore planlagt i fleire år. Merk at for enkeltvise utvekslingssemester kan norske lærestader ha samarbeidsavtalar som reduserer skulepengesatsen for deira studentar. 

Lista for studieåret 2017/18

Lista er ordna alfabetisk på land. Lærestadane er oppført alfabetisk under kvart land. Antal lærestader per land er oppført i parentes.
Merk at der det namnet på lærestaden peikar mot ein særskild campus eller avdeling av lærestaden, så er det berre denne campusen/avdelinga som kvalifiserer til tilleggsstipend. Til dømes har University of California ti ulike campusar, men berre sju av dei kvalifiserer til tilleggsstipend. 

 

AUSTRALIA (8)

Australian National University

Monash University

The University of Queensland

University of Adelaide

University of Melbourne

University of New South Wales

University of Sydney

University of Western Australia

 

BELGIA (3)

Catholic University of Louvain

Ghent University

KU Leuven

 

CANADA (6)

McGill University

McMaster University

University of Alberta

University of British Columbia

University of Montreal

University of Toronto

 

FRANKRIKE (3)

Ecole Normale Superieure - Paris

Pierre and Marie Curie University (Paris 6)

Paris-Sud University (Paris 11)

 

ISRAEL (1)

Hebrew University of Jerusalem

 

JAPAN (2)

Kyoto University

University of Tokyo

 

KINA INKL. HONG KONG (6)

Fudan University

Peking University

Tsinghua University

University of Science and Technology of China

 

Hong Kong University of Science and Technology

University of Hong Kong

NEDERLAND  (8)

Delft University of Technology

Erasmus University Rotterdam

Leiden University

University of Amsterdam

University of Groningen

Wageningen University

Utrecht University

VU University Amsterdam

RUSSLAND (1)

Lomonosov Moscow State University

SINGAPORE (2)

Nanyang Technological University

National University of Singapore

 

STORBRITANNIA (20)

Cardiff University

Imperial College of Science, Technology and Medicine, London

King's College London

London School of Economics and Political Science (LSE)

Queen Mary University of London

University College London

University of Birmingham

University of Bristol

University of Cambridge

University of Edinburgh

University of Exeter

University of Glasgow

University of Leeds

University of Liverpool

University of Manchester

University of Nottingham

University of Oxford

University of Sheffield

University of Southampton

University of Warwick

SVEITS  (6)

Swiss Federal Institute of Technology Lausanne (EPLF)

Swiss Federal Institute of Technology Zurich (ETH)

University of Basel

University of Bern

University of Geneva

University of Zurich

SØR-KOREA (2)

Seoul National University

Sungkyunkwan University (SKKU)

 

TYSKLAND (8)

Heidelberg University

Technical University Munich (TUM)

University of Bonn

University of Freiburg

University of Göttingen

University of Münster

University of Munich (LMU)

University of Tübingen

USA (56)

Arizona State University

Boston University

Brown University

California Institute of Technology

Carnegie Mellon University

Case Western Reserve University

Columbia University

Cornell University

Duke University

Emory University

Georgia Institute of Technology

Harvard University

Indiana University - Bloomington

Johns Hopkins University

Massachusetts Institute of Technology (MIT)

Michigan State University

New York University

Northwestern University

Ohio State University - Columbus

Pennsylvania State University - University Park

Princeton University

Purdue University - West Lafayette

Rice University

Rutgers, The State University of New Jersey - New Brunswick

Stanford University

Texas A&M University

Tufts University

University of Arizona

University of California, Berkeley

University of California, Davis

University of California, Irvine

University of California, Los Angeles

University of California, San Diego

University of California, Santa Barbara

University of California, Santa Cruz

University of Chicago

University of Colorado at Boulder

University of Florida

University of Illinois at Urbana-Champaign

University of Maryland, College Park

University of Michigan-Ann Arbor

University of Minnesota, Twin Cities

University of North Carolina at Chapel Hill

University of Pennsylvania

University of Pittsburgh, Pittsburgh Campus

University of Rochester

University of Southern California

University of Texas at Austin

University of Texas Southwestern Medical Center at Dallas

University of Utah

University of Virginia

University of Washington

University of Wisconsin - Madison

Vanderbilt University

Washington University in St. Louis

Yale University

Kontakt

Hvis du har spørsmål om selve kvalifiseringslisten:

Ingebjørg Birkeland
Dag Inge Bøe 


Share |