Studenter samarbeider på studentkantina

Eurasiaprogrammet

Eurasiaprogrammet støttar prosjektsamarbeid mellom institusjonar i Noreg og Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan og Ukraina. 

Søknad

Det er ingen opne utlysingar i Eurasiaprogrammet.

Publisert: 03.06.2016

 

Aktuelt - kva skjer?

Tildeling -  kortvarige prosjekt 2016

6. januar 2017 tildelte SIU støtte til 8 kortvarige prosjekt. Sjå lista over prosjekta som blei støtta.

Utlysningar

Det er ingen åpne utlysningar.

Ei utlysing av kortvarige prosjektmidlar er venta våren 2017.

Det er ikkje planlagt fleire utlysingar av støtte til langsiktige prosjekt innan denne programperioden (2015-19).

Fornying og internasjonalisering av høgre utdanning

Målet med Eurasiaprogrammet er å bidra til fornying og internasjonalisering av høgare utdanning i samarbeidslanda som eit ledd i å byggje ein basis for politiske og økonomiske reformer, stimulere til bærekraftig utvikling, auke utdanningsnivået i befolkninga og å auke respekten for menneskerettane. 

Programmet er basert på ein avtale mellom SIU og Utanriksdepartementet som dekkjer perioden 2015 til 2020. Prosjektmidlar blir delte ut for åra 2016 til 2019. Totalramma for programmet er 120 millionar kroner.

Kven kan delta?

Alle godkjente høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg og samarbeidslanda kan ta del i programmet. Eurasiaprogrammet støttar både fleirårige samarbeidsprosjekt og meir kortvarige aktivitetar. Eit mål med programmet er å byggje opp langsiktig samarbeid mellom institusjonar i samarbeidslanda og Noreg. Prosjekt bør difor støtte opp under dei involverte institusjonane sine prioriteringar og strategiar, og må ha støtte frå leiinga ved institusjonane.

Hovudparten av informasjonen om Eurasiaprogrammet blir lagt ut på dei engelskspråklege sidene.

Kontakt


Share |