Om programmet

Eurasiaprogrammet er basert på ein avtale mellom SIU og Utanriksdepartmentet. Programmet lyser ut prosjektmidlar i perioden 2015 til 2020, med ei total ramme på 120 millionar norske kroner. Programmet omfattar samarbeidstiltak med Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, Moldova og Ukraina.

Målet med Eurasiaprogrammet er å bidra til fornying og internasjonalisering av høgare utdanning i samarbeidslanda som eit ledd i å byggje ein basis for politiske og økonomiske reformer, stimulere til bærekraftig utvikling, auke utdanningsnivået i befolkninga og å auke respekten for menneskerettane. 

Programmet støttar tiltak som bidreg til:

- langsiktige samarbeidsrelasjonar mellom institusjonar i Noreg og i samarbeidslanda

- regionalt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar i samarbeidslanda

- utvikling og gjennomføring av utdanningsprogram som er relevante for behova i samarbeidslanda, m.a. for arbeidsmarknaden

- meir forskingsbasert, studentaktiv og internasjonalt orientert undervisning ved institusjonane i samarbeidslanda

- vidareutvikling av leiing og administrasjon ved institusjonane i samarbeidslanda, inkludert erfaringsoverføring knytt til Bolognaprosessen

- nærare kopling mellom utdanning og arbeidsliv i samarbeidslanda

- større kjennskap til, interesse for og kunnskap om tilhøva i Eurasia-landa ved norske høgre utdanningsinstitusjonar

- auka utveksling av studentar og tilsette mellom samarbeidslanda og Noreg.

Programstyre

Eurasiaprogrammet blir leia av eit programstyre. Styret sine hovudoppgåver er å vurdere søknader og tildele støtte, sikre at programmet blir gjennomført etter mandatet og gje råd om vidare utvikling.

For perioden 01.01.16 til 30.06.18 er medlemene i programstyret:

Medlemer

Varamedlemer

Leiar: Kari Aga Myklebost, UiT Norges arktiske universitet Martin Paulsen, Universitetet i Bergen
Nestleiar: Jan Mulder, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Synne Kleiven, Høgskolen i Sørøst-Norge
Irina Gribkovskaia, Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk  
Anatoli Bourmistrov, Nord universitet  
Magne Børset, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet  
Joakim Pedersen Berg, Norsk studentorganisasjon  
Share |