Voksen student får undervisning av lærer

Såkornmidlar - vaksen

Kunnskapsdepartementet har løyvd 700.000 kroner som skal nyttast til å etablere kontakt og førebu samarbeid mellom norske og europeiske aktørar innan vaksenopplæringsfeltet.  Siktemålet med tiltaket er betre og breiare bruk av Erasmus+ , så vel som andre samarbeidsprogram. 

Kontaktseminar: – Som uforpliktende speed dating

Irene Nikolaisen fra Folkeuniversitetet Øst dro på kontaktseminar i Brüssel i fjor. Hun nøler ikke med å anbefale an...

Publisert: 26.08.2015

Kunnskapsdepartementet har løyvd 700 000 kroner som skal nyttast til å etablere kontakt og førebu samarbeid mellom norske  og europeiske aktørar innan vaksenopplæringsfeltet. Siktemålet med tiltaket er betre og breiare bruk av Erasmus+, så vel som andre samarbeidsprogram.

Reisestipend og arrangementstøtte

Prioriterte tema er grunnleggande ferdigheiter og yrkesretta opplæring av vaksne, utan at det ekskluderer andre problemstillingar for samarbeidsprosjekt.

Alle aktørar på feltet kan søkje; lærarutdanningar, skuler, frivillige organisasjonar, myndigheiter og bedrifter.

Ein kan søkje støtte til reise for å møte samarbeidspartnarar eller støtte til å dekke kostnader med å invitere mulige partnarar hit til landet. Ein kan også få støtte til å reisa på kontaktseminar.

Les meir om støtteordninga i utlysningsteksta.

Søknadsskjema

Søknadar leverast elektronisk gjennom SIU sitt  søknadssystem Espresso. Tilgjenge til Espresso og søknadsskjema finn du her. Klikk på "Internasjonalisering av Grunnopplæringen" for å finne riktig program. Søknadar vert behandla fortløpande.

Share |