Bidreg til større avlingar i Etiopia
Tekst: Åsmund Bjørnstad
FOTO: MEKELLE UNIVERSITY
– Dette prosjektet er ei Guds signing. Aldri før i livet har eg opplevd at universitetsfolk kunne ha noka interesse av korleis ein fattig bonde som eg lever, enn sei får det betre, seier Gebregiorgis, ein 68-år gamal bonde frå bygda Habes i Tigray-regionen i Nord-Etiopia.
Han har opplevd ei auke i byggavlinga si etter at eit forskingsprosjekt vart satt i gong med føremål å dyrke fram høgtytande bygg i regionen.
På bøndene sine vilkår
SAMLA RUNDT BYGG: Dr. Salvatore Ceccarelli frå ICARDA (midten) og Dr. Fetien Abay, omgjevne av to av bøndene i prosjektet. På flankane: Åsmund Bjørnstad (t.v.), og stipendiat Yemane Tsehaye (t.h.). FOTO: MEKELLE UNIVERSITY
I doktoravhandlinga si ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i 2007 undersøkte Dr. Fetien Abay kvifor bønder i Tigray-regionen ikkje dyrkar dei byggsortane som er tilrådde frå den statlege forsøkstenesta – trass i lågt avlingsnivå og at bygg er den tredje viktigaste matkjelda.
Nøkkelen var å prøve ut sortane under bøndenes eigne vilkår, ikkje på langt meir gunstige forsøksstasjonar.
For å få dette til, måtte bønder som Gebregiorgis sjølve ta del i forsøka, noko dei gjorde med stor interesse. Nærare 250 bønder i regionen deltok.
Dr. Fetien Abay synte og at den høgast ytande sorten i forsøka var Himblil, vald ut av den då 87 år gamle fjellbonden Kahsay Negash. Sorten hans spreidde seg raskt då den blei kjent gjennom forsøka.
Får finne eigne løysingar
Arbeidet har halde fram i eit samarbeidsprosjekt med UMB og Mekelle University (MU), der Fetien Abay i dag er koordinator. Prosjektet bær namnet “Seed Safety through Diversity” og er finansiert av Nasjonalt program for utvikling, forskning og utdanning (NUFU). I oktober arrangerte dei to universiteta, med økonomisk støtte frå NUFU, ein workshop i Tigray regionens hovudstad Mekelle. Møtet blei dekt av etiopisk fjernsyn og kringkasta blant anna på dei nasjonale nyheitsendingane.
– Eg har erfaring med prosjekt utanfrå som påla oss løysingar som ikkje fungerte, men dette gjer oss i stand til å finne løysingar sjølve, sa Mulugeta, den unge ordføraren i bygda Hames.
Bland dei kring 30 deltakarane var seks bønder og dessutan dei fremste byggforskarane i landet. Særskilt invitert var Dr. Salvatore Ceccarelli, den tidlegare leiaren for byggforedlinga ved det Internasjonale instituttet for landbruk i tørre område (ICARDA). Han er kjend for arbeidet med deltakande metodar saman med bønder i marginale område i Syria, Jordan og andre land.
Kan nyttast i andre regionar
I FORSØKSFELTET: Prosejktleiar Fetien Abay (nummer tre f.v.) og UMB-professor Åsmund Bjørnstad (nummer ein f.v.). FOTO: MEKELLE UNIVERSITY
Eit viktig resultat frå møtet var at etiopiske byggforskarar rosa resultata i Tigray og sa at slike metodar var verdifulle også i andre regionar.
Dernest synte NUFU-prosjektet fram lovande byggliner frå kryssinga mellom Himblil og den mest utbreidde sorten i Tigray, Saesa. Denne kryssinga blir studert vidare, mellom anna med molekylære metodar, for å forstå tilpassingseigenskapane.
Vidare kunne Dr. Ceccarelli love at ICARDA kan ta på seg eit større antal kryssingar, som så kan prøvast ut i Etiopia. Dei kan hjelpe med nye statistiske forsøksplanar som gjev meir presise forsøk. På grunn av ei økonomisk løyving frå Italia kan dette ta til alt neste år. Dette kjem i tillegg til eit prosjekt frå Holland for utvikling av lokale såvarekooperativ og eit forskingsprosjekt frå EU via ICARDA.
|
OM DR. FETIEN ABAY |
|
|
FAKTA / NUFU-PROGRAMMET |
|
