Du kan påverka europeisk utdanningspolitikk
Det seier Vidar Pedersen, leiar for seksjon for nordisk og europeisk samarbeid ved SIU, og viser til Europakommisjonen sin opne konsultasjon med utgangspunkt i grønboka Promoting the Learning Mobility of Young People, som tek føre seg mobilitet i Europa.
No ønskjer kommisjonen at alle interesserte – frå styresmakter, organisasjonar, skular og til enkeltpersonar, kjem med innspel om utdanning og mobilitet. Innspela kan ein gi online, enten i form av svar og refleksjonar på opne spørsmål frå grønboka, eller ved å fylla ut eit online multiple-choice spørjeskjema.
Konsultasjonen er open til 15. desember 2009, og nettsida til kommisjonen kjem du til ved å klikka her.
– Konsultasjonen er open for alle. Dette er eit godt høve til å seia si meining om den vidare utdanningspolitikken til EU, påpeiker Pedersen.
Kommisjonen ber om synspunkt, innspel og eksempel på god praksis innan eit bredt spekter av tema frå alle typar utdanningsmobilitet, og særleg for unge i alderen 16-35 år. Fokus er på utdanningsmobilitet mellom europeiske land som deltar i EUs utdanningsprogram, men konsultasjonen søker også å fremja utveksling og kontakt med land utanfor Europa.
Vidar Pedersen fortel at Europakommisjonen har som visjon at eit studieopphald, praksis- eller læringsperiode i et anna land skal vera regelen heller enn unntaket. Ein ønskjer at slike opphald skal verta ein naturleg del av alle typar utdanningar og at alle unge europearar skal få høve til å delta i utveksling. No er det du som har høve til å koma med innspel om korleis utdanning og mobilitet i Europa utviklar seg dei neste tiåra.
