SIU Søk

Språkambassadør 2009: Migrapolis

– Samla i redaksjonen snakkar me elleve eller tolv språk. Me brukar også kvarandre sin kompetanse når me lagar saker der me ikkje har nok kunnskap sjølv.

Migrapolis-redaksjonen er kåra til Norsk språkambassadør 2009. F.v: Daniel Ruazol, Rajan Chelliah, Azka Baig, Edin Babic, Hung Ba Mai og Noman Mubashir

Det seier journalist Rajan Chelliah, som var med å ta imot prisen ”Norsk språkambassadør” på vegne av heile Migrapolis-redaksjonen. Sidan 1997 har Migrapolis, som no er både eit TV- og eit radiomagasin, hatt sendingar med fokus på det fleirkulturelle Noreg.

Nære historier
Dei siste åra er det skjedd ei utvikling i norsk media, meiner den tamilsk-norske journalisten, som kom til Noreg då han var 21 år gammal.

– Det ser ut som om der no er større medvit om å rekruttera journalistar som er fleirspråklege, enn det var for fem-seks år sidan. Slik kan ein nå ut til fleire miljø, og ikkje berre til etnisk norske.
– Samla i redaksjonen snakkar me elleve eller tolv språk. Me brukar også kvarandre sin kompetanse når me lagar saker der me ikkje har nok kunnskap sjølv. Eg til dømes, er tamil frå Sri Lanka, og har kunnskap som er nyttig når me intervjuar ein person frå denne regionen. Språk er eit viktig journalistisk verktøy, som også skapar identifikasjon hos lyttarane og sjåarane. Me er opptekne av å laga nære historier, understrekar Chelliah. Han legg til at redaksjonen også er opptekne av å formidla språk på ein korrekt måte, og til dømes legg mykje vekt på å bruka god norsk.

Viktig jobb
Å bli språkambassadørar set redaksjonen i Migrapolis stor pris på.

– Det er ei stor ære å få ei slik utmerking. Dette gjer oss enno meir bevisste på det me gjer, og er ei erkjenning av at me gjer ein viktig jobb ved å gje ytringsrom også for folk som ikkje beherskar majoritetsspråket.

Utmerkinga ”Norsk språkambassadør” vert delt ut av SIU og Fremmedspråksenteret. Juryen skriv at Migrapolis har ”… vist oss korleis det moderne Noreg også er eit fleirkulturelt samfunn. Når ein skal formidla erfaringar frå ulike kulturar og miljø i Noreg, kan det nok vera eit stort fortrinn sjølv å vera fleirkulturell og fleirspråklig. (…) Karakteristisk for programma er samstundes at dei som medverkar ikkje berre blir representantar for ei gruppe eller kultur. Dei står fram som enkeltindivid med ulike meiningar og erfaringar, noko som i seg sjølv er med på å motvirka fordommar og stereotypar.”

FAKTA – NORSK SPRÅKAMBASSADØR
Tittelen “Norsk språkambassadør” er ei utmerking til nokon som enten sjølv aktivt brukar fleire språk i sitt virke eller som på andre måtar har synliggjort nytten av å kunna fleire språk. Utnemninga av årets språkambassadør skjer i samband med utdelinga av ”Den europeiske språkprisen”, som i år går til Sogn VGS for Leonardo-prosjektet EuroCatering Language Training.

Tordis Marie Espeland/SIU

SIUs kalender
» Mars 2010
m t o t f l s
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31        
Siste nytt