Grundtvig
Grundtvig er EUs program for samarbeid mellom institusjonar og organisasjonar som legg til rette for vaksne si læring gjennom eit stort mangfald av mulige brukarar, tema og arenaer for læring.
Alle vaksne som ikkje er i ordinær førstegangsutdanning er målgruppe for Grundtvig. Allment sagt kan alle som legg til rette for vaksne si læring ta programmet i bruk, men nokre grupper er særleg prioriterte:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Vaksne utan grunnutdanning
- Eldre
- Funksjonshemma
- Kulturelle og språklege minoritetar
- Vaksne i utkantstrøk
I tillegg til utdanningsinstitusjonar av alle slag kan òg andre organisasjonar søkje prosjektmidlar eller stipend i Grundtvig, som til dømes:
- Bibliotek
- Museum
- Arbeidsliv
- Frivillige organisasjonar
Mål
Dei overordna målsetjingane med programmet er fleire:
- Å fremme samarbeid mellom institusjonar som arbeider med vaksnes læring
- Støtte opplæring til dei som arbeider på feltet
- Støtte produktutvikling som sektoren kan gjere seg nytte av
- Fremme debatt om livslang læring
Desse generelt formulerte målsetjingane vert meir spesifisert i søkjarrettleiinga og i den årlege utlysinga.
Kva kan ein søkje støtte til?
Gjennom Grundtvig kan ein søkje støtte til større, multilaterale prosjekt og nettverk. Men størst interesse er det for dei mindre prosjekta, læringspartnarskapa. Dette er brukarnære samarbeidsprosjekt mellom minst tre europeiske institusjonar, der utveksling av erfaringar på eit felt kan stå i sentrum.
Læringspartnarskapa kan vere mindre ambisiøse når det gjeld å utvikle konkrete produkt. Tanken bak dette tiltaket er at det skal gje elever, lærarar og andre høve til å reise, sjå og lære korleis andre legg til rette for læring.
Lærarar og andre frå sektoren kan søkje stipend til kurs, studietur eller hospiteringsopphald i eit anna europeisk land .
Det meste byrjar på eit kontaktseminar
Kvart år vert det arrangert fleire kontaktseminar rundt i Europa, vanlegvis mellom ti og tolv stykke. Dette er seminar rundt eit tema, der institusjonar er invitert for om mulig å møte andre det kan vere interessant å samarbeide vidare med. Dette er svært produktive samlingar, og minst halvparten av alle norske prosjekt spring ut frå slike seminar.
- Marit Lødemel
Tlf:
55 30 38 07
Epost: marit.lodemelSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 38 01
- EU-kommisjonens utlysninger for Grundtvig 2010
- EU-kommisjonens samlede utlysninger for 2010
- Søkerveiledning Grundtvig på EU-kommisjonens nettsider (eng)
- Grundtvig på EU-kommisjonens nettsider
- Grundtvig-brosjyre 2007


