Studenter samarbeider på studentkantina

Samarbeid om høgre utdanning i Eurasia

Program for samarbeid om høgre utdanning i Eurasia støttar prosjektsamarbeid mellom institusjonar i Noreg og Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan, Turkmenistan, Ukraina og Usbekistan. Programmet har og ei eiga stipendordning for studentar.

Om programmet

Bakgrunn

Program for samarbeid om høgre utdanning i Eurasia (”Eurasia-programmet”) er basert på ei avtale mellom SIU og Utanriksdepartmentet. Programmet gjev ut prosjektmidlar og finansierer studentplassar i perioden 2011 til 2014, med ei årleg ramme på 20 millionar norske kroner. Tentativt skal om lag tre fjerdedeler av midla nyttast til prosjektsamarbeid og ein fjerdedel til studentstipend.

Målsetning

Det overordna målet for Eurasia-programmet er å bidra til fornying og internasjonalisering av høgre utdanning i samarbeidslanda (Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan, Turkmenistan, Ukraina og Usbekistan. Prioriterte område er pensumutvikling, introduksjon av nye undervisningsmetodar og – materiale, utvikling av kvalitetssikringsmekanismar og utvikling av administrasjon og leiing.

Eit viktig mål for programmet er å bidra til langsiktig samarbeid mellom institusjonar i Noreg og i samarbeidslanda.

For meir bakgrunnsinformasjon, sjå programdokumentet (engelsk) og delegasjonsavtalen for Eurasia-programmet.

Støtte

Eurasiaprogrammet støttar prosjektsamarbeid og har ei eiga ordning for studentstipend. Innan prosjektstøtta, er det fire kategoriar:

Prosjektsamarbeid

Støtte til langsiktig samarbeid mellom ein eller fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg og ein eller fleire utdanningsinstitusjonar i samarbeidslanda. Institusjonane skal utarbeide søknaden i fellesskap.

Prosjektutviklingsmidlar (såkornsmidlar)

Støtte til norske utdanningsinstitusjonar som treng begrensa støtte for å utvikle mogleg langsiktig samarbeid med utdanningsinstitusjonar dei har kontakt med i samarbeidslanda.

Avgrensa samarbeidsaktivitetar

Støtte til utvikling av relasjonar og samarbeid mellom utdanningsmiljø i Noreg og samarbeidslanda utan at dette er tenkt vidareutvikla til eit større samarbeidsprosjekt. Eksempel kan vere seminar og studiebesøk.

Vidareutvikling av eksisterande prosjekt

Prosjekt som har motteke støtte og nærmar seg slutten av prosjektperioden kan søkje om støtte for å sikre varige resultat av aktivitetane.

Stipendordning

Norske høgre utdanningsinstitusjonar kan sjølve søke om stipendplassar for studentar frå samarbeidslanda i Eurasia-programmet på bachelor, master og phd-nivå. Alle fagområde er aktuelle, og det blir gjeve støtte både til delstudium og fulle gradsstudium. Ordninga har ei ramme på 5 millionar kroner årleg i perioden 2011 til 2014.

Støtta aktivitetar

I møte 16. september 2013 tildelte programstyret for Eurasia-programmet prosjektstøtte til avgrensa samarbeidstiltak for totalt NOK 2 733 500. Lista over støtta prosjekt finn du her.

I møte 21. mai 2012 tildelte programstyret for Eurasia-programmet prosjektstøtte for totalt 12 000 000 kroner. Lista over støtta prosjekt finn du her.

Sju prosjekt fekk tildelt såkornsmidlar for aktivitetar i februar 2012.

I møte 13. september 2011 tildelte programstyret for Eurasia-programmet prosjektstøtte for totalt 29 265 000 kroner. Lista over støtta prosjekt finn du her.

Styret delte også ut totalt NOK 9 072 380 i stipendmidlar til norske institusjonar for å ta imot studentar frå Eurasialanda. Lista over tildelingar finn du her.

I møte 7. februar 2011 tildelte programstyret for Eurasia-programmet stipendmidlar for 6 800 540 kroner. Du finn lista over støtta institusjonar her. Det er også gjort ni tildelingar av såkornsmidlar og støtte til avgrensa samarbeidsaktivitetar.

I møte 25. november 2010 tildelte programstyret for Eurasia-programmet prosjektstøtte for totalt 26 068 258 NOK. Du finn lista over støtta prosjekt her. Programstyret har også tildelt såkornsmidlar for 190 908 NOK. Lista over støtta prosjekt finn du her.

Programstyre

Eurasia-programmet er leia av eit programstyre. Fire medlemer representerer universitets- og høgskulesektoren og er utnemnde av SIU-styret etter tilråding frå institusjonane og konsultasjon med Universitets- og høgskolerådet (UHR). Den femte medlemen er utnemnd av Norsk studentorganisasjon.

Hovudoppgåvene til programstyret er å vurdere søknader og tildele støtte, vurdere årlege rapportar frå prosjekta og eventuelt gjere endringar i vedtekne utbetalingar, sikre at programmet blir gjennomført i samsvar med mandatet og gje råd om vidare utvikling av programmet.

For perioden 01.07.10 til 30.06.13 er medlemene i programstyret:

Medlemer

Varamedlemer

Leiar: Frode Mellemvik, Universitetet I Nordland Irina Gribkovskaia, Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk
Nestleiar: Marit Aamodt Nielsen, Universitetet i Agder Per O.M. Isaksen, Høgskolen i Telemark
Knut Helskog, Universitetet i Tromsø Wei Deng Solvang, Høgskolen i Narvik
Arild Hovland, Høgskolen i Telemark Johnny Velde-Jensen, Høgskolen Stord-Haugesund
Jan Fredric Sandvik, Norsk studentorganisasjon  
Brit Salbu, Universitetet for miljø og biovitenskap Martin Paulsen, University of Bergen

Kontakt


Share |