EU og utdanning
EU gjer i dag ein stor innsats for å ta ei aktiv rolle på utdanningsområdet som tilretteleggar for utveksling av idear og praksisar innan utdanning.Det viktigaste instrumentet i denne samanhengen er EUs program for livslang læring (LLP).
Fleire nye medlemsland er komne til samstundes som EU si rolle har vorten styrka på ei rekke område, deriblant forsking og utdanning. Regjeringa ønskjer at Noreg skal føre en aktiv Europa-politikk, tilpassa det nye EU, og styrke samarbeidet på område som er viktige for det norske samfunn.
Kunnskapssamfunnet
Lisboa-strategien er sentral når det gjeld engasjementet til EU i forhold til utdanning. Strategien er EUs konkurranseevnestrategi og vart vedteken i 2000. Eit av hovudmåla er å styrke utdanningssektoren og fjerne hindringar for mobilitet for forskarar, lærarar, studentar, elevar og lærlingar.
EU 2020 er namnet på oppfølginga til Lisboa-strategien og vil såleis representere ein av dei viktigaste satsingane for kommisjonen framover. Behovet for innovasjon og nyskaping går som ein raud tråd gjennom høyringsdokumentet, og strategien konsentrerer seg om tre hovudtema: kunnskap, eit inkluderande samfunn og ein miljøvenleg og konkurransekraftig økonomi. I høyringsdokumentet vert det blant anna understreka at verdiskaping må baserast på kunnskapsbasert vekst. Europa må bli enno betre på utdanning og forsking, innovasjon og kreativitet.
Satsinga på utdanning og mobilitet innan EU strekk seg likevel lengre tilbake i tid enn Lisboa-strategien.
Tre tiår med samarbeid
Frå ein sped start på 1970-talet, i form av intensjonsavtalar om auka samarbeid, vart samarbeidet meir konkret på 1980-talet, då det vart etablert program med mobilitet, nettverksbygging og partnarskap som siktemål. Comett (universitets- og bedriftssamarbeid) var det første programmet som vart etablert i 1986, følgd av Erasmus i 1987. På 1990-talet vart programsamarbeidet utvida til også å omfatte skule (Comenius) og yrkesutdanning (Leonardo da Vinci). I år 2000 kom Grundtvig til, som er EUs program for vaksnes læring.
Nye utfordringar
I tråd med Lisboa-strategien si vektlegging av livslang kompetansebygging for å møte utfordringane i utdanningssamfunnet, vedtok EU-kommisjonen i oktober 2006 å samle alle programma, inkludert yrkes- og vaksenopplæring, i eitt overordna program kalla Programmet for livslang læring ( Lifelong Learning Programme, forkorta LLP). Programmet dekker i første omgang perioden 2007-2013, og har ei økonomisk ramme på 6,97 milliardar euro.
Norsk deltaking
Noreg har delteke i EU-programma sidan tidleg på 1990-tallet, og om lag 86 prosent av den årlege EØS-kontingenten går til å finansiere forskings- og utdanningssamarbeidet med EU. Gjennom EØS-avtalen er Noreg fullverdig medlem av Programmet for livslang læring (LLP). SIU er nasjonalt programkontor (National Agency ) for LLP.
Publikasjoner
Europavegen 11
LLP-rapport SIU 2009
Eurotrigger 2010
Europavegen 10
Itinera - Inkluderende læring
EUs program for livslang læring
SIUs prosjektkatalog
Prosjekter støttet av Comenius
Prosjekter støttet av Leonardo da Vinci
Prosjekter støttet av Erasmus
Prosjekter støttet av Grundtvig
